Statens vegvesen

Statens vegvesen har snart sikra heile E134 i Etne i år

Del
I løpet av året vil Statens vegvesen ha sikra heile E134 i Etne kommune.
Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder
Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder

Før sommaren monterte vi godkjende endar på alle eksisterande rekkverk langs vegstrekninga på om lag tre mil.

I tillegg erstatta vi rekkverk i portalane på Markhus- (2409 meter), Glymje- (818) og Langfosstunnelen (728 meter).

Fekk midlar gjennom RNB

No fullfører vi sikringa av E134 i den nest sørlegaste kommunen i Vestland.

– Takka vera midlar til trafikksikring (TS) gjennom revidert nasjonalbudsjett (RNB) skal vi i  løpet av hausten erstatta ytterlegare 10.946 meter rekkverk på E134 langs Åkrafjorden, mellom Stordals- (1190 meter) og Rullestadtunnelen (2920 meter), seier byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.

– Derfor gjer vi dette

Det er viktig å understreka at eksisterande rekkverk ikkje utgjer noka trafikkfare, men vi er nøydde til å oppgradera rekkverka til eksisterande regelverk, presiserer Hauge.

– Ved å skifta ut gammalt rekkverk betrar vi trafikktryggleiken på dette vegstykket som daglig vert trafikkert av i gjennomsnitt 2.100 køyretøy.

Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 24 prosent, eller 504, lange køyretøy (tungtrafikk).

Fartsgrensa på den tre mil lange strekninga mellom Stordals- og Rullestadtunnelen er 80 km/t.

Rett i kjernen av drift og vedlikehald

Dette TS-prosjektet går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.

– Dette er eitt av mange prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet.

Gode rekkverk bidreg også til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.

Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon.

Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for samfunnet og klimaet. Det å sikra ei europavegstrekning med ein fjerdedel tungtrafikk er eit godt døme på dette.

– Konsekvensen større om vi ikkje gjer noko

Arbeida vert gjort på dagtid. Trafikkavvikling skjer med hjelp av manuell dirigering og ledebilar.

– Vi har forståing for at vegarbeid med venting kan opplevast som krevjande for trafikantane. Men då er det viktig å minne om at vi gjer det for dei, for at vegen skal vera trygg og framkomeleg også i morgon. Og ikkje minst at konsekvensene for trafikantane vil verta endå større viss vi ikkje gjer vedlikehaldsarbeid som dette.

Det er Agder-firmaet SVB Veisikring AS skal gjera jobben. Dei startar i månadsskiftet og skal vera ferdig seinast 20. november. Oppdraget kostar 6,8 millionar pluss moms.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder
Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder
Last ned bilde
Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder
Døme på rekkverk langs E134 i Etne. Foto: Vegbilder
Last ned bilde
Døme på rekkverk langs E134 i Etne, her ved Rullestadtunnelen. Foto: Google maps street view
Døme på rekkverk langs E134 i Etne, her ved Rullestadtunnelen. Foto: Google maps street view
Last ned bilde
E134-området som skal sikrast no er markert med blått. Karutsnitt frå vegvesen.no
E134-området som skal sikrast no er markert med blått. Karutsnitt frå vegvesen.no
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye