Ulovleg ATV-bruk under jakt skal stoppast
Statens naturoppsyn har dei siste åra avdekt omfattande bruk av ATV under jakt og som transport til hytter. No blir tilsynet auka under årets jakt. (nynorsk)

– Motorferdsel på barmark har store konsekvensar for naturen. Bruk av motoriserte køyretøy under jakta kan føre til skade på terrenget, forstyrre fugle- og dyrelivet, og er i strid med regelverket, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Auka tilsyn over heile landet
Statens naturoppsyn (SNO) kontrollerer gjennom heile året at motorferdsel i utmark går lovleg føre seg, både snøskuterkøyring og barmarkskøyring. Under årets jakt har SNO allereie meldt fleire førarar av motoriserte køyretøy for ulovleg køyring på barmark.
– Dei siste åra har feltarbeidarane våre i SNO avdekt ein omfattande bruk av ATV under jakt og til transport til hytter og jaktbasar under jakta. Mykje av dette har vore ulovleg. Derfor vil SNO i haust ha eit auka motorferdselstilsyn i samband med jakt over heile landet, seier miljødirektøren.
SNO har myndigheit til å stanse køyretøy for å kontrollere førarkort og dokument som er pliktig å ha med. Dei kan gi gebyr ved enkelte brot på reglane.
– Felles for all køyring på barmark er at føraren skal, så langt det er mogleg, bruke eksisterande traktorvegar eller bruke eldre køyrespor. Dette for å redusere skadane på naturen, seier Hambro.
Sett deg inn i regelverket
Nokre jaktlag har jaktbasar som ligg ute i terrenget. Regelverket er tydeleg på at det ikkje er lov å nytte seg av køyretøyet før dyret er skote, men dei enkelte jaktlaga kan søkje kommunen om løyve til å ta med køyretøyet ut til jaktbasen.
– Jegerar har lov til å nytte seg av ulike køyretøy for å hente ut felt vilt. Det vil seie at når elgen eller hjorten er skoten og er død, så kan jegeren køyre ut i terrenget med motorkøyretøy for å frakte den tilbake. Det er med andre ord ikkje lov å nytte seg av køyretøyet for å transportere jegerar og utstyr, eller under sjølve jakta, utan løyve frå kommunen, seier Hambro.
Ein stor del av jaktterrenga inneheld verneområde. I verneområda kan det vere andre føresegner for motorferdsel. Det kan hende at du må søkje om særskilt løyve til å bruke køyretøy i verneområde, og det kan også setjast krav om beltegåande køyretøy.
Usikker på regelverket? Slik er reglane for motorferdsel i utmark
Frakt av våpen
SNO samarbeider med politiet og reinpolitiet om motorferdselskontrollar. Miljøkrimkoordinator Stein Erik Granli i Trøndelag politidistrikt fortel at politiet er oppteke av trygg og sikker våpenhandtering slik at det ikkje skjer uhell eller at uvedkommande får tak i våpen.
– Den som transporterer våpen i motorvogn skal sørgje for at våpenet er forsvarleg sikra mot at uvedkommande får tak i det. Våpen skal vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege, seier Granli.
Skal du forlate køyretøyet, må du sørgje for at skytevåpen og ammunisjon er pakka og skjult, og at motorvogna er låst. Vidare understrekar miljøkrimkoordinatoren at våpen og ammunisjon skal alltid vere skild under transport.
– Dette betyr at viss du skal bruke ATV eller snøskuter under jakta, skal våpen vere pakka ned i koffert/futteral og vere tomt for ammunisjon.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder


Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Kommuner kan få støtte til å redusere utslipp av klimagasser16.10.2025 09:58:20 CEST | Pressemelding
Kommuner og fylkeskommuner kan søke penger til klimatiltak gjennom Klimasats. I statsbudsjettet for 2026 er det foreslått 108,1 millioner kroner til ordningen.
Skagerrakkysten rammes stadig hardere av klimaendringer14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Økt nedbør og varmere klima rammer Skagerrakkysten hardt. Tang og tare vokser vesentlig dårligere enn for få år siden, og fiskens matfat har krympet.
Skagerrakkysten blir stadig ramma hardare av klimaendringar14.10.2025 15:06:01 CEST | Pressemelding
Auka nedbør og varmare klima rammar Skagerrakkysten hardt. Tang og tare veks vesentleg dårlegare enn for få år sidan, og matfatet til fisken har krympa.
Bekymret for falske Labubu-bamser29.9.2025 15:00:57 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets kontroller av de populære Labubu-bamsene viser at piratkopien inneholdt et farlig og forbudt stoff.
Europas miljø er i dårlig forfatning29.9.2025 09:45:42 CEST | Pressemelding
Klimaendringer og miljøødeleggelser truer Europas økonomi, folkehelse og livskvalitet. Det slås fast i rapporten fra Europas miljøbyrå.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom