Høgskulen i Volda

Japanske forskarar til Volda for å lære

Del

Mange forbind nok Japan med eit høgteknologisk samfunn. Men då ei gruppe japanske forskarar ville lære meir om skriveopplæring med nettbrett, la dei turen til Høgskulen i Volda.

Japanske forskarar på forskingsseminar ved Høgskulen i Volda.
Sol og god stemning før det japansk-sunnmørske forskingsseminaret på Henrik Kaarstad-huset. Framme f.v.: universitetslektor Yutaka Matsuzaki, professor Kyonmi You og professor Keiko Suzuki. Bak f.v.: førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand, professor Wenke Mork Rogne, professor Siv M. Gamlem, førsteamanuensis Eivor Finset Spilling og høgskulelektor Liv Kristin Øvereng. Foto: Høgskulen i Volda / Steinarr Sommerset. Høgskulen i Volda / Steinarr Sommerset.

– Når det gjeld digitalisering i klasserommet, er Noreg mykje lenger framme enn Japan, smiler professor Keiko Suzuki frå Universitetet i Nagasaki.

Saman med to andre utdanningsforskarar har ho reist eins ærend frå Japan til Volda: to lange dagar med fly via Tokyo, Helsinki og Bergen før endemålet på Ørsta-Volda lufthamn.

Keiko Suzuki er seniorforskaren i reisefølget, og ho svarer oss på japansk medan kollegaene, professor Kyonmi You og universitetslektor Yutaka Matsuzaki, tolkar via engelsk.

Japansk-sunnmørsk seminar

Via kollegaer høyrde professor Suzuki i 2019 om forskingsprosjektet DigiHand, som er leia frå Høgskulen i Volda (HVO). No ville ho møte forskarane bak det mykje omtalte forskingsprosjektet for å lære meir.

Det tok ikkje lang tid før kontakten på tvers av jordkloden bar frukt, og i slutten av august blei det japansk-sunnmørsk forskingsseminar ved HVO. Her har dei japanske forskarane fått presentere forskingsprosjektet om handskrift og digitale verktøy, samtidig som fleire av Volda-forskarane frå DigiHand-prosjektet har vist fram nokre rykande ferske resultat.

Førsteamanuensis Eivor F. Spilling og høgskulelektor Liv Kristin Øvereng, som begge har vore knytte til DigiHand gjennom ph.d.-arbeid, og førsteamanuensis Pernille Fiskerstrand har alle presentert arbeida sine for dei svært interesserte gjestene.

Eksotisk skulebesøk

Forskarane frå Japan ønskte også å lære meir om korleis lærarar underviser med ulike skriveverktøy på småtrinnet i Noreg, og korleis elevane jobbar med dette i klasserommet. I tillegg til forskingsseminaret har dei derfor besøkt ein gjestfri andreklasse ved Øyra skule i Volda.

– Det vi har sett i klasserommet her, at elevane i mindre grad bruker penn og papir, er veldig annleis for oss. I Japan blir handskrift framleis mykje meir brukt enn elles i verda. Sjølv når ein underviser i matematikk, er det med tavle og skrivebøker, fortel Suzuki.

Overførbar kunnskap

Etter at pandemien tvinga fram «skjermskule» verda over, blei digitalisering i skulen ein heit debatt i Japan, der handskrift tradisjonelt har vore ein kjernekompetanse.

I norske klasserom har digitale hjelpemiddel hatt fotfeste lenger, og dermed har det også vore meir å forske på her. Derfor ville dei japanske forskarane kome til Volda for å hente meir kunnskap om bruken av digitale verktøy og handskrift i Noreg.

– I Noreg har de allereie opplevd og undersøkt mykje på dette feltet som vi ikkje har erfaring med i Japan enno, så vi ønskte å finne ut korleis dette har fungert så langt i Noreg, fortel Suzuki.

Volda-forsking med global relevans

For fagmiljøet i Volda er det ei motiverande anerkjenning at forskingsresultata frå HVO når heilt til Japan.

–  Når den unike kompetansen på skrive- og begynnaropplæring som er bygd opp ved HVO, tiltrekkjer seg internasjonal forskarmerksemd, betyr det at vi klarer å byggje opp viktig kunnskap som også har relevans langt utover forelesingssalane, seier Siv M. Gamlem, professor ved Institutt for pedagogikk og forskingsleiar i DigiHand-prosjektet.

– Den merksemda forskinga og artiklane frå DigiHand-prosjektet får utanfor landegrensene, viser også at problemstillingane vi jobbar med i Volda, er globale og høgaktuelle, seier Wenke Mork Rogne, professor ved Institutt for språk og litteratur og prosjektleiar i DigiHand-prosjektet.

Den norske relasjonen mellom elev og lærar gjer inntrykk

Etter nokre dagar ved Høgskulen i Volda med eit tett og variert program sit dei langvegsfarande forskarane att med mykje, både fagleg og menneskeleg.

– Noko av det første eg la merke til, var at det er mange kvinnelege forskarar og lærarar her. Det er imponerande. Og på skulen er det eit opent mangfald i klasserommet: Elevane får kome først, og læraren støttar dei. Det gjorde inntrykk. I Japan kjem elevane fram til læraren og viser kva dei har gjort, medan her er det omvendt, seier professor Suzuki.

Kollegaen Matsuzaki trekkjer fram at det ikkje berre er forskjellar mellom dei to landa:

– Først trudde vi situasjonen i Noreg og Japan var ganske forskjellig. Men no når vi har fått observere i klasserommet og fått høyre meir om forskinga i Volda, ser vi faktisk klare og overførbare likskapar.

Dei japanske forskarane forklarer at skjermbruk er meir vanleg i høgare utdanning i Japan enn i grunnskulen, der handskrift og meir einvegs undervisning framleis dominerer. Det dei såg i andreklassen på Øyra skule, derimot, var meir dialogbasert, og dette var inspirerande.

–  Eg syntest måten læraren her i Volda løyste undervisninga på, var ein betre metode – og noko vi kunne ha introdusert i skulane våre, seier Suzuki.

Tek med opplevingar og forsking heim

Dei japanske forskarane fekk også med seg meir enn berre det faglege. Gjestene var både på sightseeing på Sæbø og ein tur ut på Hjørundfjorden, med litt guiding frå DigiHand-leiarane.

Heldigvis kunne Volda og Ørsta by gjestene på ein siste rest av seinsommarlege solstrålar desse dagane, slik at sunnmørsnaturen kom til sin rett.

– Alt er større her enn i Japan. Vi har sjølvsagt også natur, men fjorden og fjella her er noko heilt annleis, meiner Matsuzaki.

Kollega Suzuki stemmer i:

– Vi set pris på moglegheita til å få oppleve dette. Vi har heller aldri sett slike landskap i Japan.

Japansk samarbeid i sikte for HVO?

Når reisefølget er tilbake i Japan, er det likevel ikkje enden på Volda-visa: No vil dei nemleg sjølve dele kunnskapen frå HVO-forskingsprosjektet DigiHand vidare i det japanske forskingsmiljøet og på ein stor, nasjonal konferanse der.

Leiarteamet i DigiHand har også fått open invitasjon til å besøkje Universitetet i Nagasaki for å dele forskingserfaringar og observere undervisninga i japanske skular og i lærarutdanningar.

– Det er spennande å få denne moglegheita til å utveksle erfaringar og kunnskap om skriveopplæring på tvers av kulturar og land. Det har vore ei nyttig erfaring for oss i DigiHand å ta imot besøk frå den andre sida av verda, og dette freistar absolutt til gjentaking, seier Wenke Mork Rogne.

DigiHand-leiarkollega Siv M. Gamlem ser ikkje vekk frå at det kan bli mogleg å knyte tettare band mellom HVO og det japanske fagmiljøet i framtida.

– Dei japanske gjestene har gitt oss innblikk i kva dei no vil forske på vidare, og i desse planane skimtar vi invitasjon til og moglegheiter for samarbeid, fortel Gamlem med eit smil.

Dermed må vi kunne seie at historia om Japan og Volda har fått ein open slutt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Japanske forskarar på sightseeing i Sæbø.
Gjestene frå Japan blei imponerte over den flotte naturen ved Hjørundfjorden i godvêret.
Last ned bilde
Japanske forskarar ved Øyra skule i Volda.
Dei japanske forskarane var positive til undervisningsmetodane dei fekk sjå på Øyra skule i Volda. Lærar Silje Skåre Vilhelmsen (t.h.) fortalde at andreklassingane hadde teke godt imot det spennande besøket. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Last ned bilde

Lenker

Om oss

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye