Mesta vidarefører drifta av riks- og europavegar i Nordfjord
![Mesta vidarefører drifta av riks- og europavegar i Nordfjord på oppdrag frå Statens vegvesen. Frå venstre Jørgen Sjåstad, Vidar Solheim, Per Storevik, Veronika Engdal, Svein Lågeide, Anders Kåre Roset, Bjørn Jonny Solibakke, Erik Book, Inge Atle Myren. Foto: Statens vegvesen](/data/images/00097/806e2647-5869-4af9-b9d7-4104b868130e-w_720.jpeg)
Dette har firmaet også dei gjort dei fire siste åra. Entreprenøren får no forlengt oppdraget sidan dei vann anbodskurransen med eit tilbod på 236 millionar pluss moms.
– Kontrakten går i eit geografisk variert område – frå hav til høgfjell, frå Måløy ytst på riksveg 15 i vest til Strynefjellet i aust på 1.000 meters høgde, heilt på grensa mot Skjåk og Innlandet fylke. Kontrakten går delvis gjennom tettbygde strøk. Det er skredutsette område, mellom anna Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn, i tillegg til rv. 15 opp mot Strynefjellet, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.
Mesta: – Vi er rigga for utfordingane
– Vi er godt rigga til denne kontrakten. Mannskapen vår har lang erfaring frå området, kjenner vegane og dei utfordrande områda godt, seier prosjektleiar i Mesta, Vidar Solheim.
Han peikar på at dette er ein krevjande kontrakt som både kan innehalda vind og orkan på Måløy til Strynefjellet med store snømengder og skredfare.
– Det er særleg vinterarbeidet som krev mykje mannskap, peikar Solheim på.
Kontrakten utgjer om lag 10 årsverk i Mesta, som har kontrakt med fire lokale underentreprenørar som bidreg med maskiner, mannskap og endå meir lokal kunnskap. Underentreprenørane har om lag 20 tilsette som arbeidar på Nordfjord-kontrakten
Dette er DK 9306 Nordfjord
Kontrakten har mange tunnelar, og omfattar 193 kilometer riksveg og 26 kilometer gang- og sykkelveg i kommunane Kinn, Stad, Volda og Stryn.
Vegane i kontrakten er rv. 15 (frå Måløy til Strynefjellet), E39 (frå Lote ferjekai til Kjøs bru) og rv.651 (frå Hjelle i Stad til Folkestad ferjekai i Volda). Mesteparten av kontraktsområdet ligg i Vestland, medan 25 kilometer er i Møre og Romsdal (riksveg 651 i Volda).
Entreprenøren vil og få ansvar for å drifta 10 kilometer fylkesveg. Dette er fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen, som er Nasjonal turistveg.
Kontrakten startar 1. september og varar i fem år, til 31. august 2028. Det er gjensidig opsjon på tre år. I tillegg kan Statens vegvesen einsidig forlenga med eitt år.
Trafikkmengda varierer gjennom året
Det er stor variasjon i trafikkmengda i kontraktsområdet, frå heilt nede i 100 på Gamle Strynefjellsvegen og opp til rundt 5.000 på Måløybrua. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).
Trafikkmengda varierer sterkt mellom sommar og vinter. Årsaka er turisme, og spesielt gjeld dette for Indre Nordfjord med Strynefjellet (høg andel turistbussar i tillegg til personbilar og bubilar).
Cruiseskipanløp i Olden, Nordfjordeid og Måløy bidreg også til auka trafikk i kontraktsområdet i sommarhalvåret.
Slik blir vinterdrifta
Kontrakten har vinterdriftsklasse B. Det vil seia at godkjente føreforhold er bar veg (tørr eller våt).
Hard snø og is er tillate utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom. Salt brukast som preventivt tiltak og for å oppretthalda og gjenoppretta bar veg.
Samtidig er det eit krav at saltbruken skal ned. Statens vegvesen tek stikkprøvekontrollar, og vil jamnleg ha møte med entreprenør for å sikra at dette vert halde.
Fleire miljøkrav
Miljøkrava i kontrakten er fleire.
– Vi har stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelvask. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr, og ved auka bruk av vérdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.
Vil halvera utslepp
Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp.
– Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt. For delar av bilparken krev vi lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå våre prosjekt skal halverast innan 2030, avsluttar Karlsen.
Nøkkelord
Kontakter
Lars Erik KarlsenProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95191827lars.karlsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
![Mesta vidarefører drifta av riks- og europavegar i Nordfjord på oppdrag frå Statens vegvesen. Frå venstre Jørgen Sjåstad, Vidar Solheim, Per Storevik, Veronika Engdal, Svein Lågeide, Anders Kåre Roset, Bjørn Jonny Solibakke, Erik Book, Inge Atle Myren. Foto: Statens vegvesen](/data/images/00097/806e2647-5869-4af9-b9d7-4104b868130e-w_240.jpeg)
![Riksveg 15 gjennom Hjelledalen i Stryn er ein del av kontraktsområdet. Biletet er teke frå utsiktsplassen ved Ospelitunnelen på Strynefjellet. Foto: Statens vegvesen](/data/images/00579/16b0bc6f-3828-4f4b-83c4-32f920242bd4-w_240.jpg)
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Sjekk vekta og lastsikringa på feriebilen4.7.2024 09:13:01 CEST | Pressemelding
Overlast og manglende lastsikring er gjengangere under Vegvesenets kontroller.
- Sørg for å planlegge sykkelturen godt!4.7.2024 08:18:10 CEST | Pressemelding
Skal du på sykkeltur i sommer? Da er det viktig å planlegge sykkelruta godt. I en del tunneler er det forbudt å sykle, og da må du planlegge en alternativ rute.
Presseinvitasjon: Åpning E39 Lønset-Hjelset3.7.2024 14:29:53 CEST | Presseinvitasjon
Fredag åpner 9,3 km ny E39 inn til Molde. Bussen fra Norges eldste bussrute blir en av de første som kjører på ny vei. Media som planlegger å være til stede bes melde seg på.
Molde ferjekai stenges natt til fredag, omkjøring via Hollingsholmen3.7.2024 11:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal gjøre arbeider på Molde ferjekai natt til fredag. Anløpssted for ferjene til og fra Vestnes blir da Hollingsholmen.
Vegvesenet åpnet park det smaker fugl av langs rv.4 på Hadeland2.7.2024 13:24:32 CEST | Pressemelding
Tirsdag åpnet vegdirektøren fuglepark ved rv.4 på Hadeland. Det har hun aldri gjort før.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom