Søk etter flyfoto
Alle partar i geodata-samarbeidet Noreg digitalt kan no søke i sentralarkivet for flyfoto. Sjå kva slags bilde som finst, kvalitet og metadata.

I flyfoto.kartverket.no er det mogleg å søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. For å få tilgang er det nødvendig å logge på med GeoID.
Søkeverktøyet gir informasjon om kva slags enkeltbilde som dekker eigedommar, plassering og eigenskapar – og inneheld metadata som dato, målestokk eller detaljgrad (gsd), id til flyfotoprosjekt (dekningsnummer), om bildet er digitalt eller analogt.
Det er ikkje mogleg å laste ned eller sjå på sjølve flybilda.
Innsikt og oversikt med ein gong
Sentralarkivet for flyfoto og satellittbilde inneheld meir enn 1,3 millionar analoge flyfoto og til saman 2,7 millionar digitale vertikalbilde. Dette er originalar av samtlege flybilde tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag. Bilde frå 1935 til 1960 er som regel digitalisert. Andre historiske bilde må digitalisast på forespurnad.
– Informasjonen som folk ønsker å få ut av flybilda er veldig individuelt. Vi kan derfor ikkje forsikre om at informasjonen som akkurat du er ute etter, finst i bilda, fortel Hardy Buller i Kartverket, og fortset:
– Men, no kan kommunar og andre partar i Noreg digitalt sjølv gjere geografiske søk i sentralarkivet for flyfoto. Dette gir dei ei innsikt og oversikt med ein einaste gong over kva slags bilde som finst og om bilda er digitalisert.
Flyfoto blir brukt m.a. i kommunal saksbehandling, til samfunnsplanlegging, miljøutgreiing, til å avklare rettigheiter til eigedom – og til å lage kart.
Millionar med flyfoto
I sentralarkivet for vertikalbilde – flyfoto.kartverket.no – lagrar og forvaltar Kartverket digitale flybilde og tilhøyrande flyfotoprosjekt- og metadata.
Arkivet inneheld:
- over 20 000 flyfotodekningar
- meir enn 1,3 millionar vertikalbilde (flybilde som er tatt loddrett ned på bakken), kor ca. 500 000 er digitalisert p.t.
- informasjon om 3,5 millionar unike flybilde
Graderte flybilde ligg i eit separat og gradert informasjonssystem.
Det var i Stortingsproposisjon nr. 1 1979–1980 at Kartverket fekk i oppdrag å etablere «Statens sentralarkiv for flybilder og fjernmåledata», med formål om å sikre framtidige generasjonar tilgang til viktig bildemateriale.

Bestille flyfoto
Flybilde og tilhøyrande prosjektdata er mogleg å bestille frå Kartverket. Dette krev ei individuell saksbehandling i kvart enkelt tilfelle. Sjølve ekspederinga er ikkje gratis og bestillar må betale for jobben.
Rettigheiter til flyfoto-dataa er ulike. Mykje data er etablert i samarbeid med fleire aktørar, mellom anna gjennom Geovekst-samarbeidet og omløpsfotografering.
Les meir om å bestille flyfoto.
Noreg i bilde
I karttenesta «Norge i bilder» har flyfotoa gått gjennom ein prosess med georeferering, slik at bildet stemmer overeins med kartet. Ortofoto heiter slike bilde. Alle ortofoto som er laga i offentleg samanheng er samla i «Norge i bilder».
Noreg digitalt-partar har utvida tilgang til «Norge i bilder», og kan laste ned ortofoto og bruke visningstenester som WMS og WMTS. Privatpersonar kan kjøpe ortofoto frå «Norge i bilder» via Kartverkets forhandlarar.
Fakta om Noreg digitalt
- Noreg digitalt er eit samarbeid mellom verksemder som har ansvar for å framskaffe stadfesta informasjon, og store brukarar av geodata.
- Partar i samarbeidet er kommunar, fylke og nasjonale etatar.
- Skolar og universitet har tilgang til alle geodata og geodatatenester i Noreg digitalt-samarbeidet.
Nøkkelord
Kontakter
Sissel KanstadPresseansvarlegKommunikasjonsavdelinga i Kartverket
Tel:99 51 38 48sissel.kanstad@kartverket.noBilder



Lenker
Om oss
Kartverket blei etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg som framleis er i drift. Oppgåvene våre har endra seg i takt med digitaliseringa av samfunnet. Vi er ei moderne og innovativ verksemd med blikk for framtida.
Følg pressemeldinger fra Kartverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kartverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kartverket
Regjeringen vil oppgradere kartløsningene for en halv milliard15.10.2025 14:11:16 CEST | Pressemelding
– Dette vil sikre og forbedre samfunnskritiske kart og kartdata for fremtiden, som er viktige for søk- og redning, Forsvaret og en rekke andre samfunnsområder, sier fungerende kartverkssjef Knut Bjørgaas.
Nye sjøkart gir sikrere seilas i Hammerfest havn26.9.2025 15:26:45 CEST | Pressemelding
Innseilingen til Hammerfest havn blir enda tryggere etter at Kartverket denne uken ga ut nye elektroniske sjøkart. Kartene gir en bedre og mer detaljert oversikt over dybdeforholdene i havna.
Hva skjer når satellittsignaler forsvinner?15.9.2025 13:12:06 CEST | Pressemelding
Norge settes på prøve. Denne uken tester Kartverket sårbarheter i den kritiske infrastrukturen for posisjonsdata under Jammertest 2025 på Andøya.
Slik skal Norge få mer oversikt over arealbruken3.7.2025 15:24:17 CEST | Pressemelding
Hvordan vi bruker arealene våre, har stor betydning for miljøet og kommende generasjoner. Nasjonalt grunnkart for arealanalyse gir avgjørende kunnskap. En samarbeidsavtale mellom Kartverket, NIBIO, Miljødirektoratet og SSB skal sikre videreutvikling av verktøyet.
Svalbard har fått nytt høydegrunnlag30.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
En ny vertikal referanseramme gir mer presise høyder på Svalbard. Dette styrker kartlegging, overvåking av klimaendringer og beredskap i Arktis.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom