Sommartrafikken er i gang - om lag på same nivå som juni i fjor
4,7 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juni. Dette er 2 prosent fleire enn i juni i fjor, men 8 prosent færre enn juni i 2019, som var det siste normalåret før pandemien. Det har vore om lag 70.000 flyrørsler i mai, 4 prosent over juni i fjor.

-Sjølv om passasjertala framleis er lågare enn før pandemien, har juni vore månaden med flest reisande i år, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.
-Det samla talet på reisande aukar i juni samanlikna med juni i fjor, med fleire reisande både innanlands og utanlands. Utanlandstrafikken er den viktigaste drivaren for den positive utviklinga og eit teikn på nordmenn si reiselyst inn i sommarferien, men og eit teikn på kor attraktivt Noreg er som reisemål.
-Juni er den travlaste månaden, med flest reisande på Avinor-flyplassane. Det er framleis høgt trykk på innanlandstrafikken, og nordmenn startar sommarferien sin. I denne krevjande perioden har Avinor opplevd god drift med høg regularitet og punktlegheit, noko som syner at alle involverte aktørar har vore godt førebudd for sommaren, seier Riise.
Flyrørsler
Det var 68 218 kommersielle flyrørsler i juni 2023. Dette er 4 prosent fleire enn i juni i fjor. Om ein samanliknar med juni i 2019, har det vore ein auke i talet på flyrørsler på 1 prosent.
Passasjertal
2 715 790 passasjerar reiste innanlands i juni. Dette er 1 prosent fleire enn i juni 2022. Trafikken utanlands, med 1 992 279 passasjerar, har auka med 5 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 13 prosent lågare enn i juni 2019. Sjå alle tal i vedlegget «06.2023»
Hittil i år samanlikna med 2019
Om ein samanliknar talet på passasjerar så langt i år med same periode i 2019, ser ein at vi no ligg 12 prosent bak normalåret 2019. Talet på flyrørsler så langt i år er 7 prosent bak 2019.
Dronerekord, men også mykje ulovleg droneflyging
I juni vart 1889 flygingar med drone meldt inn i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. Dette er ein auke på heile 150 prosent samanlikna med juni 2022, og det høgste talet sidan starten av programmet i 2020, seier Axel Knutsen, leiar av droneprogrammet til Avinor. -Så langt i år er auken 114 prosent sett mot fjoråret.
-Det er dessverre framleis mange som ikkje kan reglane for droneflyging. Dette gjer at ein del flygingar er ulovlege, og kan vere til stor fare for andre i luftrommet. Vi oppfordrar alle til å sette seg inn i regelverket før dei flyr. Vi viser til www.avinor.no/droner kor reglane kjem tydeleg fram, seier Knutsen.
Kontakter
PressetelefonKun til bruk for journalister.
Vi svarer ikke på mediehenvendelser mellom kl. 21:00 - 06:30 med mindre det inntreffer større hendelser. For informasjon om flytrafikken ved våre lufthavner, se www.avinor.no, og velg flyplass.
Dokumenter
Om Avinor
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Fjellene på Sanna skal pryde den nye lufthavnen: – Nå må kollegaene tenke på meg hver gang de er ute og flyr17.10.2025 17:57:59 CEST | Pressemelding
Hobbyfotograf Petter Rønningsen vil for fremtiden være uløselig knyttet til terminalbygget i Fagerlia.
Muligheter for flere utslippsfrie flyvninger i Norge neste år17.10.2025 14:07:14 CEST | Pressemelding
Regjeringen foreslår totalt 50 millioner kroner i 2026 for å videreføre Norge som internasjonal testarena for null- og lavutslippsluftfart – 40 millioner kroner til Avinor og 10 millioner kroner til Luftfartstilsynet. Midlene skal blant annet finansiere videre utprøving i reelle operasjoner, tilpasning av infrastruktur og tilpasning av regelverk ii samarbeid med EASA.
Norsk luftrom blant de beste i Europa15.10.2025 07:30:00 CEST | Pressemelding
En fersk rapport fra Eurocontrol viser at luftfarten i Europa har hatt en betydelig forbedring sommeren 2025, med økt trafikk og reduserte forsinkelser sammenlignet med året før. Norge utmerker seg som et av landene som presterer aller best.
Auke i hausttrafikken – utanlandsreiser skil seg ut13.10.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding
Talet på reisande held fram å auke også i september, med ein auke på to prosent samanlikna med same periode i 2024. Auken kjem av reiselystne nordmenn, men òg av at fleire frå utlandet har fått augo opp for Noreg som feriedestinasjon.
Fakta om dronedeteksjon ved Avinors lufthavner12.10.2025 20:00:00 CEST | Aktuelt
De siste ukene har Avinor fått mye oppmerksomhet etter at norsk luftfart ved flere anledninger har vært preget av mulige droneobservasjoner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom