Hornindal Spelemannslag sin hyllast til spelemann Lars Hjellbakk blir tilgjengeleg digitalt og på CD
4.8.2023 08:00:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
Lars Hjellbakk var ein sentral personlegdom når det galt bygdemusikken og felespelet i Hornindal. Hans slåttekunne og kjennskap til dei ymse slåtteformer etter ulike spelemenn, fakta omkring musikken og spelemennene, var eineståande.

Lars Hjellbakk (1889-1976) var gardbrukar, felemakar, treskjerar, spelemann og slåttediktar frå Hornindal. Han har vore den sentrale tradisjonsberaren av folkemusikk i Hornindal den seinare tida. Hornindal Spelemannslag lagde derfor en hyllest til Hjellbakk i 1983, som nå finnast i digitalisert versjon og på CD for fyrste gong.
Lars Hjellbakk var fødd 16. mai 1889 og var den eldste i ein stor syskenflokk. Som odelsgut var det han som overtok garden og vart bonde i Hjellbakkane. Han var ikkje gamle karen før han fekk seg fele og tok til å lære. Den første han lærde av var grannen Ola Hjellbakk – eller mellom bygdefolk «Spelar-Ola». Frå kring 1910 vart Lars fast spelemann i lyd og lag i Hornindal, han hadde på denne tid fått tak i dei fleste slåttane frå dei eldre spelemennene, og nytta dei i ei skirsla form og gav dei etterkvart eit drag og ein dåm som vart vart varemerke på Hjellbakk-spelet. Lars var ikkje nøgd med berre å spele andre sine slåttar, han nytta og sine musikalske evner til komposisjon. Dei som er att representerer ei rekkje slåtteperler av ypperste klasse.
Då Hornindal Spelemannslag var skipa var Lars Hjellbakk 70 år gamal, han vart likevel med i laget til han var over 80 år. Desse siste åra var han læremeisteren og sensor for spelemannslaget. For sitt trugne arbeid for folkemusikken vart han påskynda med Kongens fortenestemedalje og på same dag utnemnd som heidersmedlem i Hornindal Spelemannslag.
Lars Hjellbakk gjekk bort 1. mai 1976 etter eit langt og rikt liv i musikken si teneste. Vi som aktive spelemenn vil med denne innspelinga heidre våre store læremeister og signar minnet om ein stor musikar.
Ragnvald Lunde vart fødd i 1914 i Hornindal. Ragnvald Lunde lærde av både Lars og Andreas Hjellbakk. Han utvikla ein spelestil i nær kontakt med Honndalstradisjonen. Dette kom seinare til å bli eit av grunnelementa i komposisjonsverksemda som etter kvart er blitt omfattande.
Ragnvald Lunde har som mangeårig leiar av Hornindal Spelemannslag skapt det drag og den dåm som pregar vårt lagspel. Ragnvald Lunde vart heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i 1979 og same året heidersmedlem i Hornindal Spelemannslag. I 1981 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje for truge arbeid for folkemusikk og -dans.
I 1980 ble det avduket minnesmerket over Lars Hjellbakk i Hornindal.
Lars Hjellbakk var ein sentral personlegdom når det galt bygdemusikken og felespelet i Hornindal. Hans slåttekunne og kjennskap til dei ymse slåtteformer etter ulike spelemenn, fakta omkring musikken og spelemennene, var eineståande. Lars Hjellbakk hadde stor interesse for verbale og instrumentale folkeminne, og var granskaren som ikkje tok noko lettvint. Alt måtte vere så korrekt som mogeleg utfrå det som var råd å få greie på. Han sparde seg ikkje for noko møde såleis. Han vona at kulturarven skulle leve vidare, og delte sin kunnskap med alle som ville ta imot.
CD-utgjevinga av «Til minne om Lars Hjellbakk» er støtta av Rolf Myklebust Minnefond. Vi takkar hjarteleg for støtta! Hjarteleg takk også til Svein Hjellbakk, Gunn Sølvi Gausemel, Lars R. Lunde, Filmdigitalisering.no ved Steinar Hilde, og Rune Humborstad.

Nøkkelord
Kontakter
Dionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noJørn LandbakkProduct Manager
Tel:93285586jorn@grappa.noBilder





Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Yngvil slipper bittersøt sommerlåt om sjalusi i vennskap - "Gråter (over det som er over)" ute nå12.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
"Gråter (over det som er over)" er en fengende, bittersøt visepop-låt om vennskap i oppløsning, og frustrasjonen som oppstår når avstanden mellom to mennesker blir større og større. Låta er ute på! Lytt her.
Andreas Rotevatn, Side Brok og Mari Kvien Brunvoll slår seg saman på den energiske og leikne "Mellom saltvatn og sola"12.6.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
På tittelsporet til den komande plata til Andreas Rotevatn får du høyre ei uforskamma energisk og leiken låt, som er på grensa til irriterande catchy og indignérande eklektisk. Men ein stad i midten av alt som skjer her, finn du ei låt som rett og slett berre nektar å la dansefoten stå i ro. Med både Side Brok og Mari Kvien Brunvoll med på laget, får lyttaren servert ei låt med ein unik smak av vestlandsk groove. "Mellom saltvatn og sola" feat. Side Brok og Mari Kvien Brunvoll er ute no. Lytt her!
Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble slipper Spring Flood - Et album om bevegelse, minner og kollektiv skapelse12.6.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Med Spring Flood presenterer Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble et nytt, kollektivt verk der improvisasjon, poesi og sterke billedlige stemninger smelter sammen i et levende og organisk uttrykk.
Mariam Wallentin & West Norwegian Jazz Ensemble Release Spring Flood, Exploring Movement, Memory and Collective Creation12.6.2026 08:45:00 CEST | Press release
With Spring Flood, Mariam Wallentin and Vestnorsk Jazzensemble present a new collective work in which improvisation, poetry, and vivid imagery merge into a living, organic expression.
Moddi & Kajsa Balto åpner dørene for hverandre: «House by the Sea» nå ute på nordsamisk5.6.2026 09:38:28 CEST | Pressemelding
«Mearariikkas (House by the Sea)» en duett som krysser språk, landskap og kulturer
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom