Kystverket

Kystverket ber båtfolket vere obs på anleggsaktivitet i sjøen nord for Bergen

Del

For å auke sjøsikkerheita og framkoma i farleia, skal Kystverket dei komande månadane etablere fleire nye sjømerker i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen.

Dei oransje punkta viser områda der det blir etablert sjømerker dei komande månadane.
Dei oransje punkta viser områda der det blir etablert sjømerker dei komande månadane. Kystverket

Av hensyn til framkome og sjøsikkerheit skal Kystverket etablere nye sjømerker i farvatnet mellom Bergen og Sognesjøen. Merka som skal etablerast er lokalisert ved Rongesundet og nord for Fedje ved innseilingen til Fedje- og Flensfjorden.

– Vi ber alle sjøfarande i området om å vise omsyn, vere spesielt merksam på midlertidige installasjonar i sjøen og varsel i «Etterretning for sjøfarende» (Efs) samt å respektere 100 meter sikkerheitsavstand til anleggsaktivitetane, seier prosjektleiar Martin Fransson i Kystverket.

Området frå Bergen og nordover mot Sognesjøen er prega av stor hamneverksemd og mykje skipstrafikk, med mellom anna godshamn, verft- og serviceindustri, terminaler for cruise og passasjertrafikk, samt oljeterminaler og forsyningsbaser for petroleumsrelatert industri. Saman med høg trafikktettleik og eit stadvis komplisert trafikkbilete er umerka holmar, grunner og skjær ei utfordring i området. Det er derfor eit behov for fleire referansepunkt som tydeleg markerer ytterkanten på farleia og som fungerer som gode hjelpemiddel for navigasjon.

Prosjektleiar Fransson fortel at arbeida startar allereie måndag 3. juli og er planlagt å pågå fram til 1. oktober.

– Vêrtilhøva vil vere ei av dei største utfordringane i prosjektet. Vêret gjer det vanskeleg å føreseie når anleggsarbeidet kjem til å skje på dei ulike lokasjonane. Arbeida i sjø er vêravhengige og nøyaktig framdrift må derfor tilpassast dei stadlege tilhøva, opplyser han.

Utførande entreprenør er Sea-Service AS, som nyttar arbeidsfartøyet Aure til sjøarbeida. I Kystverkets NAIS-teneste (nais.kystverket.no/) kan du søke opp Aure for å sjå kvar den til ei kvar tid befinn seg.

Nøkkelord

Kontakter

Prosjektleiar Martin Fransson
900 34 184 / martin.fransson@kystverket.no

Lenker

Om Kystverket

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ein bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Følg pressemeldinger fra Kystverket

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kystverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kystverket

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye