Rekordhøg aktivitet ved fagskulane
15.6.2023 09:02:00 CEST | Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) | Pressemelding
Talet på studentar i høgare yrkesfagleg utdanning har auka med om lag 70 prosent sidan 2018. Det er rekordhøg aktivitet i sektoren, og aldri før har så mange fagskulestudentar vorte uteksaminerte som no.

Det framgår av Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning, som Direktoratet for høgare utdanning og komptanse (HK-dir) lanserte i dag.
– Tala viser at sektoren har klart å ta unna den store auken i studieplassmidlar. Trass dette er fullføringsgraden lågare enn tidlegare. Dette kan vere ein etterverknad av pandemien. Utviklinga i åra som kjem vil gje oss svar på dette, seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.
I 2022 var det 28 000 studentar i sektoren, og over 10 000 vart uteksaminerte.
Det er eit mål at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, i heile landet. Studentane i høgare yrkesfagleg utdanning er i all hovudsak vaksne arbeidstakarar som studerer ved sida av jobb.
– Om lag 70 prosent av studentane tek utdanninga på deltid. Det er omtrent som i 2021, fortel Sveinung Skule.
Fleire vel nettbasert undervisning
Dei siste åra har det vore ei stor utvikling i tilhøvet mellom dei tre ulike utdanningsformene: stadbasert undervisning, nettbasert undervisning, og nettbasert med samlingar. Fyrstnemde har tradisjonelt vore dominerande, men i 2020 hadde tilhøvet mellom stadbasert og nettbasert undervisning (med eller utan samlingar) vorte halvt om halvt.
– I 2022 har andelen studentar som følger nettbasert undervisning med eller utan samlingar auka til 60 prosent. Det er altså innan dei nettbaserte utdanningsformene at veksten har kome dei siste åra, seier Sveinung Skule.
Fleire tek helse- og velferdsfag
Tekniske fag er framleis fagområdet med flest studentar, etterfølgt av helse og velferd, og økonomi og administrasjon.
I helse- og velferdsfaga har veksten i talet på studentar vore på 52 prosent sidan 2018, litt over 2 200 studentar. I dag er det 6 500 registrerte studentar på desse faga.
– Sett i lys av dei demografiske endringane og mangelen på arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren, er det positivt at talet på studentar på helse og velferdsfag aukar, seier Sveinung Skule.
Studentane vert eldre
Fagskulestudentane vert eldre. Medan snittalderen i 2018 var 31 år, har han auka til 33 år i 2022. Samla sett er kjønnsfordelinga ganske jamn og stabil, med 45 prosent kvinner og 55 prosent menn i 2022.
Innan helse- og velferdsfaga har det vore ein auke på over 80 prosent av mannlege studentar sidan 2018. Tala er likevel framleis lave, med litt over 800 mannlege studentar i dag.
Færre fullfører på normert tid
Andelen som fullfører på normert tid går noko ned i høve til tidlegare år. Tala for 2022 viser ein fullføringsgrad på 61 prosent, mot 63 prosent for 2021.
– Det er særleg i helse- og velferdsfaga at vi ser utfordringar med fullføring på normert tid. Vi ser òg at stadbasert undervisning har høgast fullføringsgrad på normert tid, seier Sveinung Skule.
Studentane med nettbasert undervisning har lågast fullføringsgrad på normert tid, berre halvparten av desse fullførte på normert tid i 2022.
Nøkkelord
Kontakter
Seniorrådgjevar Therese Røst
e-post: therese.rost@hkdir.no / mobil 922 69 194
Kommunikasjonsrådgjevar Runo Isaksen
e-post: runo.isaksen@hkdir.no / mobil 456 18 765
Bilder

Lenker
Om oss
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) vart etablert 1. juli 2021, og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Direktoratet er eit resultat av samanslåinga av Diku, Kompetanse Norge, Universell og deler av Unit og NSD. Direktoratet vil også få oppgåver frå NOKUT.
Direktoratet har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgåver innan høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla.
Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Følg pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Nå har alle fått svar på søknaden om studieplass18.7.2026 07:58:00 CEST | Pressemelding
– 150 000 søkere har nå fått svar på søknaden til høyere utdanning gjennom Samordna opptak. Gratulerer til alle som har fått studieplass, sier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).
Over 11 000 personer tok norskprøven i mai3.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Totalt tok 11 107 personer minst én delprøve i norsk i mai. For mange er prøven en døråpner til jobb, studier og varig opphold i Norge.
Fra 2026 blir livsmestring obligatorisk også for ukrainere23.6.2026 15:53:07 CEST | Pressemelding
En ny rapport fra Fafo viser at mange kommuner allerede tilbyr livsmestringskurs til flyktninger fra Ukraina. Samtidig varierer innhold og kvalitet betydelig mellom kommunene.
Studenttallet ved fagskolene økte med seks prosent i 202523.6.2026 14:46:28 CEST | Pressemelding
Det var 36 086 studenter i høyere yrkesfaglig utdanning i 2025, en økning på seks prosent fra året før. Veksten er størst innen tekniske fag, helse- og velferdsfag og økonomi- og administrasjonsfag, viser Tilstandsrapport for høyere yrkesfaglig utdanning 2026.
Halvparten av nye barnehagelærerstudenter velger fleksible studier10.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Halvparten av studentene som startet på barnehagelærerutdanningen i 2025, valgte et fleksibelt studium som kan kombineres med jobb. Det er den høyeste andelen som er registrert de siste ti årene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom