Vedtok nulltoleranse for vald og truslar i sjukehusa
Ein ny rapport frå Helse Vest viser at medarbeidarar i helseføretaka vart utsett for vald og truslar over 2 000 gonger i 2022. Slag, spark, kloring, spytting og truslar om vald og drap pregar dessverre arbeidssituasjonen for mange medarbeidarar. Styret i Helse Vest RHF behandla rapporten i dag, og vedtok nulltoleranse for vald og truslar mot medarbeidarar.
- I Helse Vest er det nulltoleranse for vald og truslar. Tala viser at realiteten dessverre er ein annan og slik skal vi ikkje ha det. No har vi fått eit felles, regionalt kunnskapsgrunnlag som gjer at vi kan arbeide med meir målretta med dette. Styret er opptatt av at medarbeidarar i sjukehusa skal vere trygge og ikkje skadast på jobb. Dette vil vi følgje tett framover, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF.
Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF seier dette er eit særs viktig innsatsområde: - Vi veit dette er ei utfordring og vi kan ikkje akseptere at det er slik. Med felles innsats frå heile føretaksgruppa, skal vi klare å gjere noko med dette. Prosjektet har no samla inn eit solid kunnskapsgrunnlag, og tilrår ei rekkje viktige tiltak, som saman skal bidra til å redusere risikoen for vald og truslar i tenesta.
Sjå tiltaka nedst i saka.
Opplæring og meldekultur viktig
Ingeborg Sævareid er konsernhovudverneombud i Helse Vest. Ho seier at å hindre vald og truslar mot medarbeidarar er noko av det viktigaste føretaka arbeider med, og at ein må arbeide saman om dette.
– Vi aksepterer ikkje at medarbeidarar blir utsette for vald og truslar i sjukehusa, sjølv om det er ein kjend risiko. Medarbeidarane må få tilpassa opplæring i eiga eining. For å auke meldekulturen, er det svært viktig at leiarane set i gang tiltak og følgjer opp medarbeidarane som har meldt frå om vald og truslar. Dette vil bidra til ein tryggare arbeidsdag, seier Sævareid.
Merksemd, fellesskap, støtte og vurderingar, openheit og felles haldningar er heilt sentralt i dette forbetringsarbeid.
Lovverket er ikkje godt nok
Rapporten som er lagt fram presenterer kunnskap som ein kan bruke til forbetring. Dette vil dreie seg om arbeid internt, like mykje som godt samarbeid med andre, som politi, brann, pasientar og pårørande. Medarbeidarar skal ha det same juridiske handlingsrommet for å verne seg mot vald og truslar, uavhengig av sektor og organisatorisk eining. Slik er det ikkje i dag.
- Det er gjort mykje godt arbeid i helseføretaka for å hindre vald og truslar over mange år. Ein god meldekultur er ein føresetnad. Men det må meir til, skal vi få bukt med dette problemet. Dette krev mellom anna endringar av lovverket, som ikkje er godt nok i dag, seier Bryne. - Vi vil jobbe for eit godt vern, også gjennom å foreslå endringar i regulatoriske føresegner – slik at dette blir på lik linje med andre samfunnskritiske sektorar, som til dømes politiet. Godt vern må gjelde alle, likt.
Tiltaksområda
Her er nokre av tiltaksområda som helseføretaka i Helse Vest skal jobbe vidare med saman:
- Regulatoriske føresegner må endrast. Det må vere tilstrekkeleg handlingsrom, vern og like moglegheiter, uavhengig av somatikk og psykiatri, slik at medarbeidarar til dømes kan frata pasientar farlege gjenstandar og gå gjennom bagasje.
- Det må vere lik metodikk for risikovurdering av vald og truslar, og lik registrering og dokumentasjon i journalsystema.
- Valdshendingar må bli politimelde og følgde opp.
- Rutinar, melding av vald og truslar i systema for avvik og registrering av kritisk informasjon i journalsystema skal vere lett tilgjengeleg og godt kjent.
- Haldningskampanjar må vere synleg i helseføretaka, både for medarbeidarar og publikum.
- Det må vere standardisering av opplæring, rettleiing og øvingar.
- Føretaka bør etablere eit system for å sikre rett dimensjonering og samansetning av personell ved plutseleg endring i driftssituasjonen med omsyn til risiko for vald.
- Ein må etablere samarbeidsavtalar og dialog med politiet. I tillegg må ein skape felles haldning saman med politiet, slik at dei følgjer opp meldingar på same måte som når polititenestemenn blir utsette for vald og truslar.
- Gjennomføring av kartlegging og trening av risikovurdering av forhold ved arbeidssituasjonen, og vurdere tiltak som kan nyttast når det er nødvendig - særleg for avdelingar med høg risiko for vald og truslar.
- Ein må setje i verk tiltak som kan gi leiarar tryggleik for å kunne vareta medarbeidarane etter alvorlege hendingar.
- Ein skal etablerer eit regionalt nettverk for vidare læring og systematisk utvikling over tid, der ein deler erfaringar på tvers av føretak
Fakta om prosjektet
Helseføretaka på Vestlandet har identifisert fem risikoområde som det særleg er behov for å følgje opp i føretaksgruppa. Ein av dei er vald og truslar mot medarbeidarar. For å få ned talet på vald og truslar mot medarbeidarar, har Helse vest RHF leidd eit regionalt prosjekt, der helseføretaka og Haraldsplass Diakonale Sjukehus deltok. I prosjektet er det laga eit felles kunnskapsgrunnlag og tiltaksområde, som føretaka skal jobbe vidare saman om. Målet i prosjektet er å endre haldningane til vald og truslar mot medarbeidarar, etablere eit felles kunnskapsgrunnlag ved å kartleggje nåsituasjonen og peike på tiltaksområde som kan redusere vald og truslar mot medarbeidarar.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder
Lenker
Om Helse Vest RHF
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har rett på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Nærmare 34 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse1.11.2024 10:41:29 CET | Pressemelding
Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for barn og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.
Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi27.9.2024 17:26:08 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.
Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS28.8.2024 14:47:30 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom