Skattar vikingane røva frå Irland for 1200 år sidan er no tilbake i heimlandet
26.5.2023 14:24:19 CEST | Universitetet i Stavanger (UiS) | Pressemelding

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger har den største samlinga av vikingskatter frå Storbritannia og Irland, etter vikingane sine tokt på 800-tallet. Opp mot 100 gjenstandar, som vart frakta over havet i vikingskip, ligg til vanlig i samlinga til museet.
– Mange av gjenstandane vart røva under vikingtokt, og andre kan være gåver, bestikkelsar eller handelsvarer, seier direktør Ole Madsen ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Det første vikingraidet av norske vikingar i Irland var i år 795 på øya Lambay. Men etter kvart endra kontakten mellom Rogaland og Irland karakter, og år 841 grunnla vikingar Dublin og etablerte seg der. Det førte til atskandinaviske busetjarar og den opphavlege irske befolkninga blei tett integrert. Kombinasjon av vikingtidsgjenstandar og eit sterkt innslag av skandinavisk DNA i mange gravfunn i Irland stadfester dette.
– Gripande å tilbakeføre gjenstandane
No er fleire av desse gjenstandane igjen sendt over havet, tilbake til Irland, for ei utstilling på historiesenteret Dublinia i Dublin. Direktør Ole Madsen og professor Kristin Armstrong-Oma ved Arkeologisk museum, UiS vart med og opna utstillinga.
– Dette er første gong gjenstandane kjem tilbake til landet der dei vart laga. Me som jobba med utstillinga tykte det var både gripande og emosjonelt å tilbakeføra dei, seier Armstrong-Oma.
Utstillinga fokuserer på den spesielle kontakten mellom Rogaland og Irland, og særleg på vikingtidskvinnene. Arkeologisk museum har lånt ut i alt 128 gjenstandar, og 10 av desse er av irsk opphav.
Utstillinga “Viking Age Women - Connecting Ireland and Norway” skal ståi Dublin til februar 2024. Når utstillinga er over skal dei dyrebare skattane tilbake til Stavanger.
Vikingkvinnene blei gravlagt med dyrebare skattar
Mange religiøse skattar frå klostre og kyrkjer har blitt funne i kvinnegraver i Rogaland. Dei vart gjort om til smykker som kvinnene bar, saman med norrøne smykker laga i Rogaland. Dei sterke og mektige kvinnene frå vikingtid fekk med seg dei eksotiske smykkene i grava.
– Gravene fortel at kvinnene hadde framtredande roller i samfunnet, som husfruer som bestemte og styrte på garden. Kanskje drog nokre av dei på vikingtokt og vart gravlagt med saker dei sjølv var med og plyndra, spør Armstrong-Oma.
Ei av kvinnene som er funne gravlagt på Håland i Time hadde berre irske smykker.
– Ho har fått ei framtredande rolle i utstillinga, og me spekulerer i at ho kanskje var ei irsk kvinne. Nye DNA-studier syner at de har kome inn irsk DNA til Skandinavia i vikingtida, seier Armstrong-Oma.
Nøkkelord
Kontakter
Anniken Celine Berger
Kommunikasjonsrådgiver
Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger
Telefon: 93005355
E-post: anniken.c.berger@uis.no
Bilder




Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Bli kjent med forskningen14.9.2026 13:20:08 CEST | Presseinvitasjon
Nærmere 1000 vgs-elever på forskningsforedrag en fredagskveld er blant hovedingrediensene på Forskningsdagene i Stavanger-regionen.
Rekordhøye krav for å studere på UiS23.7.2026 11:00:12 CEST | Pressemelding
Ventelistene har doblet seg og poenggrensene har aldri vært høyere ved Universitetet i Stavanger. Aller vanskeligst er det å komme inn på det nye profesjonsstudiet i psykologi, viser tall fra Samordna opptak (SO).
Arkeologer har trolig funnet Irlands største vikingbosetning12.6.2026 11:09:10 CEST | Pressemelding
Norske og irske arkeologer undersøker restene av det som antakelig var Irlands største handelsted i vikingtiden – som mest sannsynlig ble etablert av vikinger fra Norge.
Ny forskning viser at barn trives godt i norske barnehager11.6.2026 11:51:44 CEST | Pressemelding
Barn trives generelt godt i barnehagen, men en ny rapport viser at trivselen er individuell og situasjonsbetinget og at barn og ansatte vurderer trivsel ulikt.
Unike vikingsmykker tilbake i Norge etter 1200 år3.6.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
En ung norsk kvinne i den norske vikingkolonien i Dublin fikk dem med seg i graven midt på 800-tallet. Nå er de to unike draktsmykkene, dekorert med små bjørner, for første gang tilbake i Norge.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom