Tankesmien Agenda

Verda står midt i ei ulikheitskrise, viser nytt notat

Del
Dei enorme økonomiske forskjellane i verda gjer oss dårlegare rusta til å utfordringane med klima, aukande prisar og etterverknader frå pandemien, viser eit nytt notat frå Tankesmien Agenda. Dei føreslår 9 tiltak Noreg kan gjennomføre for redusert ulikheit i verda.
Forfatter av notatet, Trine Østereng
Forfatter av notatet, Trine Østereng

Pandemien har bidratt til større forskjellar mellom fattige og rike i verda, og for fyrste gong har me hatt ei vekst i talet på fattige globalt.  

Tala viser kor stor ulikheita er i dag:  

  • Dei rikaste ti prosentane i verda har 76 prosent av all formue 
  • Den fattigaste 50-prosenten har to prosent av all formue 
  • Den rikasteeinprosenten har fått to tredelar av all vekst i verda sidan 2020.  

- Desse tala fortel oss at me treng meir innsats for omfordeling og høgare skattar. Ved at dei med aller mest betaler noko meir, kan me få pengar til å møte klimaendringane og finansiere velferdstenester for fleire, seier Trine Østereng, rådgivar i Tankesmien Agenda og forfattar av Agenda-notatet «Mindre ulikheit for ei betre framtid».   

Ulikheit hindrar oss i å nå berekraftsmåla 

Store forskjellar mellom fattig og rik har konsekvensar for korleis verda er rusta til å møte utfordringar med kriser som klima, krig og aukande prisar. 

- Verda treng ein ny kurs for rettferdig skattesystem og betre fordeling for å klare å nå berekraftsmåla, seier Østereng 

Regjeringa bør gjere meir for å redusere ulikheit i verda 

Notatet viser at Støre-regjeringa allereie gjer positive tiltak for å redusere ulikheit, men at det må kraftigare tiltak til for å lukkast med ambisjonen i Hurdal-plattforma om å bekjempe ulikheit.  

I notatet kjem Tankesmien Agenda med ti forslag til korleis regjeringa kan jobbe for å redusere ulikheita i verda. Eit av desse forslaga er ei ny stortingsmelding om ulikheit.  

- Ulikheit kan ikkje fjernast med eit pennestrøk, men med systematisk jobbing over fleire område kan norsk utviklingspolitikk gjere ein stor forskjell for mindre forskjellar i verda. Det handlar om å ha eit fordelingsperspektiv som pregar Noregs rolle ute, enten det er som arbeidsgivarar i statleg eigde selskap, som handelspartner eller som bistandsaktør, seier Østereng.  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Forfatter av notatet, Trine Østereng
Forfatter av notatet, Trine Østereng
Last ned bilde

Om Tankesmien Agenda

Tankesmien Agenda
Tankesmien Agenda
Youngs gate 7
0181 Oslo

https://tankesmienagenda.no/
Tankesmien Agenda er en partipolitisk uavhengig tankesmie som bidrar til samfunnsanalyse og politikkutvikling for det moderne sentrum-venstre.

Enkeltindividets frihet forutsetter et bærekraftig samfunn med like muligheter, tillit og små forskjeller. Tankesmien Agenda skal styrke det offentlige ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utredninger, meningsutveksling og forslag til nye politiske løsninger som fremmer et slikt samfunn.

Tankesmien Agenda er en møteplass for fremtidsrettet politisk nytenkning i hele landet, hvor samfunnsengasjerte mennesker fra politikk, akademia, organisasjonsliv, næringsliv og media kan bidra med ulike oppfatninger og perspektiver.


Tankesmien Agenda er organisert som et ideelt AS, og eies av Trond Mohn og Landsorganisasjonen i Norge (LO). 

Følg pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Tankesmien Agenda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye