Den norske kirke

Presseinvitasjon: H.M. Kongen deltek når ny biskop i Bjørgvin blir vigsla i Bergen domkyrkje 16. april

Del
Ragnhild Jepsen blir vigsla til biskop i Bergen domkyrkje 16. april. Det skjer i ei gudsteneste der Hans Majestet Kong Harald V, fleire regjeringsmedlemmar, biskopar og kyrkjelege representantar frå inn- og utland deltek. Pressa er velkommen til å delta og må melde seg på innan 14. april.
Ragnhild Jepsen vigsles til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.
Ragnhild Jepsen vigsles til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.

Pressa er velkommen til å delta i vigslingsgudstenesta 16. april. På grunn av tryggleik, må alle deltakarar vere akkreditert. Skrivande presse vert plassert bak i kyrkja.

Påmelding: Send påmelding med namn, e-post og telefonnummer til ee457@kirken.no innan 14. april.

Oppmøte for pressa: kl. 10.15 i «Villaen» (eit lite hus på kyrkjegarden bak/på sida av domkyrkja). Her er eit arbeidsrom, internett og enkel servering.

Stad: Bergen domkirke, Domkirkeplassen 1, 5017 BERGEN

Tidsrammer: 16. april. Kyrkjedørene blir lukka kl. 10.30. Gudstenesta startar kl. 11.00 og varer om lag 1,5 time. Påfølgjande mottaking for inviterte gjester i Håkonshallen.

Kontaktpersonar: Kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet Emil Engeset: 47906092 / ee457@kyrkja.no og kommunikasjonsrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland Edvard Høgestøl: 91383573 / edvard.hogestol@statsforvalteren.no

I kyrkja vert det fotopool v/NTB foto, kontakt: fotodesk@ntb.no.

Strøym vigslingsgudstenesta på di nettside

Gudstenesta blir strøyma direkte på nettstaden kyrkja.no. Alle media kan gratis «tappe» lyd og bilete til sin nettspelar.

Kontakt: FKU-teknikk Erik Hjøllo Liland: fkuteknikk@gmail.com / 97502605.

Om Ragnhild Jepsen

Kyrkjerådet tilsette Ragnhild Jepsen som ny biskop i Bjørgvin 9. februar i år. Ho har i fleire år vore domprost i Nidarosdomen. Ho er oppvaksen i Ål i Hallingdal.

Som biskop i Bjørgvin vert ho både biskop for alle sokna i Vestland fylke og dei norske kyrkjene i utlandet (Sjømannskyrkja). Visjonen for biskopen og bispedømet er «Saman vil vi ære Den treeinige Gud – ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd».

Her finn du sjølvpresentasjonen til Ragnhild Jepsen: Ragnhild Jepsen - Bjørgvin bispedøme (kirken.no)

Kva er vigsling?

Når ein biskop skal tiltre si nye rolle, blir dette gjort gjennom ein høgtideleg vigslingsseremoni. Her gir den nye biskopen sine løfte og ho vert beden for. Det skjer i samband med ei gudsteneste i domkyrkja.

Kva skjer i vigslingsgudstenesta?

Det blir ei festgudsteneste med mykje song og musikk. Bergen domkirke sitt jentekor, Bergen domkor, messingblåsarar og domkantorane Kjetil Almenning og Sigurd Øgaard bidrar.

Fyrst framstiller leiaren i bispedømerådet Vemund Atle Øiestad den nye biskopen. Preses Olav Fykse Tveit (den leiande biskopen) held ein tale før den nye biskopen skal gje sitt løfte, som blir stadfesta med eit handtrykk.

Etter handtrykket kneler den nye biskopen og blir beden for. Fleire biskopar frå Den norske kyrkja og andre kyrkjer, i tillegg til andre medverkande legg handa si på den nye biskopen. Deretter held den nye biskopen si fyrste preike.

Gudstenesta er open. Det er reservert plass til inviterte gjester, medverkande og presse. I tillegg er det plass til andre som ønskjer å vera til stades. Gudstenesta vert strøyma på nett.

Tingingsverket «Sunniva kongsdotter» av Knut Vaage som tek utgangspunkt i hymna til martyren St. Sunniva, vert framført som ei gåve til biskop Ragnhild Jepsen.

Mottaking i Håkonshallen

Etter gudstenesta er det mottaking for den nye biskopen i Håkonshallen for inviterte gjestar. Det er mogeleg for pressa å ta bilete på starten av denne mottakinga. Media som ynskjer dette, må melde frå om det når de ber om akkreditering.

Nøkkelord

Kontakter

Kommunikasjonsdirektør i Kyrkjerådet Emil Engeset: 47906092 / ee457@kyrkja.no


Kommunikasjonsrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland Edvard Høgestøl: 91383573 / edvard.hogestol@statsforvalteren.no


NTB fotopool: fotodesk@ntb.no


Videostrøm: FKU-teknikk Erik Hjøllo Liland 97502605 / fkuteknikk@gmail.com.

Bilder

Ragnhild Jepsen vigsles til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.
Ragnhild Jepsen vigsles til biskop i Bjørgvin 16. april. Foto: Gyrid Cecilie Nygaard.
Last ned bilde
Ragnhild Jepsen i gullkåpe. Foto: Jens Z Meyer/Bjørgvin bispedømekontor.
Ragnhild Jepsen i gullkåpe. Foto: Jens Z Meyer/Bjørgvin bispedømekontor.
Last ned bilde
Ragnhild Jepsen i gullkåpe, høgdeformat. Foto: Jens Z Meyer/Bjørgvin bispedømekontor.
Ragnhild Jepsen i gullkåpe, høgdeformat. Foto: Jens Z Meyer/Bjørgvin bispedømekontor.
Last ned bilde

Lenker

Om Den norske kirke

Den norske kirke
Den norske kirke
Kirkens hus – Rådhusgata 1–3
0151 Oslo

23 08 12 00https://kirken.no

62 prosent av befolkningen er medlemmer av Den norske kirke. Kirken tilhører den evangelisk-lutherske kirkefamilien. Kirkens ledelse er samlet i Kirkemøtet som består av medlemmene av elleve regionale bispedømmeråd og alle biskopene.

Kirken er inndelt i 1174 menigheter som disponerer 1635 kirkebygg. Mer enn 8000 mennesker arbeider i kirken og over 80.000 er frivillige medarbeidere.

Den norske kirkes virksomhet finansieres over kommunebudsjettene, statsbudsjettet og gjennom gaver og frivillig innsats.

kirken.no

 

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye