Den norske kirke

Oppstandelsen gjer noko med oss

Del

Preses Olav Fykse Tveit heldt preike på første påskedag i Nidarosdomen. – Oppstandelsen betyr alt, fordi den gjev oppreising.

Olav Fykse Tveit, Den norske kyrkja sin leiande biskop, heldt preike på 1. påskedag i Nidarosdomen. Foto: Den norske kyrkja.
Olav Fykse Tveit, Den norske kyrkja sin leiande biskop, heldt preike på 1. påskedag i Nidarosdomen. Foto: Den norske kyrkja.

Gjennom påska er det meir enn 3000 gudstenester i Den norske kyrkja. I kyrkjer over heile landet har den bibelske påskeforteljinga om fellesskap, svik, drap og oppstode blitt fortalt på dei ulike dagane.

Olav Fykse Tveit, Den norske kyrkja sin leiande biskop, feira at Jesus står opp frå dei døde på gudsteneste i Nidarosdomen på første påskedag.

– Akkurat i år har alle kyrkjer same påskedag, i aust og vest, ortodokse, katolikkar, protestantar. Det same gjeld og alle kyrkjer i Palestina og Israel, etterkomarane etter dei første kristne. No samlar dei seg i Jerusalem der det skjedde – og i Gaza, dei få som er att – for å feire at Kristus er oppstanden.

I preika snakka Fykse Tveit om oppreising – om korleis påskebodskapen om at Gud vil reise alle menneske opp med nåde.

Påskehistoria har blitt fortalt og nedskriven, og enno vert den fortalt i kyrkjer over heile verda.

– Men ingen var til stades og ingen kan difor fortelje akkurat kva som skjedde. Grava var allereie tom då dei kom dit. Likevel fortel dei på ulike måtar kva som skjedde med dei som dette handla om. Dei fortel og reflekterer om oppreisinga i møte med den tomme grava og med den oppreiste Jesus.

Oppreising gjer noko med oss

Likevel er det to spørsmål som ein aldri kan få svaret på: Kva var det som skjedde då Jesus vart reist opp att etter å ha døydd? Kva skjer med oss etter at vi har døydd?

– Begge deler kjem vi til å undrast på så lenge vi lever. Det gjeld det vi ikkje kan oppleve mens vi lever. Noko er fortid, noko er utanfor tida.

Men likevel betyr oppstoda noko, meiner biskpoen:

– Ho betyr mykje. På mange vis betyr ho alt. Fordi det er tale om oppreising. Noko kan vi vite ut frå forteljingane om den første påskedagen. Noko kan også vi oppleve. Oppreising gjer noko med oss, slår preses fast og oppmodar til å reflektere over om ein sjølv har opplevd erfaringar av å bli reist opp eller å ha løfta andre opp.

Oppgjer med det som ikkje fører til oppreising

I påskedagspreika drog preses også parallell til at oppreising er eit omgrep som vert nytta i rettsvesenet, der eit offer får rett til slutt og får oppreising.

– Det er likevel noko heilt spesielt med denne forteljinga. Det handlar ikkje berre om å få rett, som i ei rettssak. Det handlar om ei rettferd som er større enn vår, og som har gjort seg gjeldande i denne verda. Ingen kan gjere det ugjort. Oppstoda, oppreisinga har skjedd.

Difor er kyrkja og kristne også kalla til å ta eit oppgjer med det som gjer at menneske ikkje vert reist opp, meiner preses.

– I oss sjølve, i vår historie, i vårt samfunn og i vår verd. Det gjeld også det i kyrkjas liv og svikt som gjorde og gjer at menneske ikkje vert oppreiste i møte med påskas bodskap, men heller undertrykte og det som verre er. Det gjeld også jødar når dei har fått skulda for Jesu død. Det står ein kamp om kristentrua og kristendommens sjel også i dag. Særleg når denne bodskapen blir brukt til å legitimere krig og urett mot andre. 

Les heile preika til preses Olav Fykse Tveit her.

Nøkkelord

Kontakter

Anders Emil KaldholPressekontakt og rådgiver, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Tel:98801428ak547@kirken.no

Om oss

65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane. 

Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D

Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet. 

kyrkja.no

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Den norske kirke

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye