No bygger Statens vegvesen nytt kollektivt knutepunkt ved Nordhordlandsbrua
Planlagd byggestart er i mars, og det nye anlegget skal etter planen vera ferdig innan desember 2024.
Ni leverte tilbod
Heile ni entreprenørar leverte tilbod på oppdraget. Summane er no kontrollrekna. Alle tilbodssummane er utan moms.
Tilbydar: | Tilbodssum ekskl. mva: |
HGT AS frå Kokstad | 48.319.007,60 |
Vestafjell AS frå Nesttun | 50.598.471,70 |
Romarheim AS frå Alversund | 51.452.726,63 |
Fyllingen Maskin AS frå Kokstad | 54.062.460,44 |
Magne Hope A/S Entreprenørforretning frå Mongstad | 57.471.858,20 |
Fosse Maskin & transport AS frå Vik i Sogn | 58.887.112,18 |
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik | 59.778.678,11 |
Mesta AS | 61.866.404,40 |
Sartor & Drange AS frå Rådal | 61.993.977,00 |
Kokstad-firmaet HGT AS (Halvorsen Grave & Transportservice) har det lågaste tilbodet, og er innstilt til å få kontrakten som blir signert etter karensfristens utløp.
Terminalen vert bygd der dagens parkeringsplass er.
Trygg og forsvarleg arbeidsperiode for alle
– I heile anleggsperioden på eitt år og ni månader må vi derfor stenga dagens parkeringsplass, seier byggeleiar Henrik Knarvik i Statens vegvesen.
Statens vegvesen oppfordrar trafikantane til å finna andre parkeringsplassar, til dømes innfartsparkeringane i Knarvik, ved Hagelsundbrua eller i Vågsbotn.
– Vi beklagar dette, og vi har forståing at det kan skapa utfordringar for trafikantane. Men det er dette som er mogleg å få til når vi skal ha ein anleggsperiode som er trygg og forsvarleg ikkje berre for trafikantane, men også for dei som skal arbeida, seier Knarvik.
Eit framtidsretta knutepunkt
I tillegg vil vi minna om at det nye anlegget vil gjera det betre for trafikantane på sikt. Eit nytt, stort og framtidsretta knutepunkt vil vera ei klar forbetring samanlikna med dagens løysing som er to-tre busstopp, presiserer han.
– Det nye knutepunktet vil få parkering like ved, med 80 parkeringsplassar som i dag, legg Knarvik til.
I samband med prosjektet skal Statens vegvesen erstatta dagens kulvert under fylkesveg 564 med ein ny som blir bygd etter dagens standard. Dette sikrar framleis gode tilhøve for gåande og syklande i området.
Trafikken på E39 vil bli minimalt påverka av arbeidet, medan vi vil etablera ein mellombels omkøyringsveg for fylkesveg 564.
Nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering er ein del av Nordhordlandspakken.
Nøkkelord
Kontakter
Henrik KnarvikByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41223062henrik.raymond.knarvik@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Kan bli vanskelig kjøreforhold i Midt-Norge og deler av Vestland de neste dagene.2.1.2025 16:28:23 CET | Pressemelding
Mye snø kombinert med et polart lavtrykk og mye vind kan gi vanskelig kjøreforhold. Veger kan bli stengt på kort varsel.
Nærmere 2300 transportforetak risikerer gebyr på 60 000 kroner2.1.2025 10:00:37 CET | Pressemelding
Nasjonale gods- og turvognløyver utløp 1.januar 2025. Nå må alle som driver løyvepliktig gods- eller turvogntransport ha fellesskapsløyve.
90 omkomne i trafikken i 20241.1.2025 06:30:00 CET | Pressemelding
På tross av bussulykken i Vesterålen andre juledag, er det 20 prosent færre drepte i trafikken i 2024 sammenlignet med året før. Da var tallet 110.
Kom frem i tide – finn prognose for kolonnekjøring i appen Vegvesen trafikk27.12.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
Skal du kjøre over en fjellovergang, kan du nå enkelt sjekke sannsynligheten for kolonnekjøring og stengning på strekningen inntil en uke frem i tid.
Vegvesenet advarer om vanskelige kjøreforhold i Nord-Norge i romjula24.12.2024 12:18:31 CET | Pressemelding
Oransje farevarsler om kraftig vind. – Sørg for å holde deg oppdatert om forholdene hvis du skal ut og reise, melder Vegtrafikksentralen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom