Anders Hovland er ny administrerande direktør i Helse Fonna

– På vegner av styret i Helse Fonna er eg svært fornøgd med at Hovland har takka ja til stillinga, seier styreleiar Petter Steen jr.
– Hovland si erfaring både som leiar, klinikar og forskar gjev eit solid utgangspunkt, og han har med det gode føresetnader for å leie helseføretaket framover. Helse Fonna står framfor store utfordringar, og kombinasjonen Hovland har av analytiske eigenskapar og stor arbeidskapasitet kjem godt med.
Anders Hovland kjem frå stillinga som administrerande direktør for Solli Sjukehus i Bergen.
Hovland er utdanna psykologspesialist, og tok i 2013 ein doktorgrad på behandling av panikkliding. Anders har ei master i helseleiing frå London School of Economics frå 2019, og fullførte Solstrandprogrammet i leiing i 2022.
Før stillinga som direktør ved Solli var han tilsett som direktør for psykisk helse i International Consortium for Health Outcome Measurements (ICHOM) i London, og hadde før dette i fleire år rolla som fag- og forskingssjef på Solli Sjukehus. Han har erfaring frå klinisk arbeid både i Helse Bergen og på Solli, og har hatt ei bistilling som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen sidan 2014.
Han har bidrege som forfattar på fleire internasjonale vitskaplege publikasjonar, og har vore med på å forfatta faglege tilrådingar, retningsliner for behandling og faglege bidrag nasjonalt og internasjonalt.
Han er 46 år gammal, gift og har fire barn. Han kjem frå Sandnes og Stavanger, og etter studium i Trondheim og Bergen har han dei siste 20 åra budd i Bergen.
Olav Klaussen melde tidlegare i haust at han ville fråtre stillinga som administrerande direktør i Helse Fonna og gå over i anna stilling i føretaket, etter 11 år som direktør. No skal Klaussen gje stafettpinnen vidare.
– Eg ser fram til samarbeidet med Hovland i dette skiftet, seier han.
– Hovland skal bli tatt godt i mot av heile helseføretaket her, av ein organisasjon med dyktige og engasjerte medarbeidarar, på ulike fagfelt og med ulik arbeidsstad.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder

Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom