Buster Sledge samlar lause trådar i ny EP

Buster Slenge er ein trio beståande av fele, banjo, gitar og tre songstemmer. Fronta av ein amerikansk tilflyttar, Michael Barrett Donovan på leadvokal og fele, fann dei saman i sin felles kjærleik for akustiske amerikanske musikktradisjonar som country, bluegrass og oldtime. Med dette som utgangspunkt ynskjer dei å bygge ei bru mellom samtida og fortida i form av både nye og eldre musikalske impulsar og tematikk. Dei garnerer gjerne med ei salig blanding pop, rock, jazz, rap eller kva enn som måtte tilføre den enkelte låt det lille ekstra eller aktualisere musikken for ein ny generasjon lyttarar.
Den 30 minutt lange EP-en, beståande av 4 låtar, inneheld lause trådar som aldri kom inn i Buster Sledges tidlegare eller kommande større prosjekt. Her finn ein ein rett fram grasa ut pub-banger («Sit Up Straight»), ein skeiv George Jones- inspirert smørsong i countrystil («I Could Be Nowhere (Drinking Nothing»), og avsluttast med ei vidopen Grateful Dead-inspirert jamlåt, stappfull av folkemusikkreferansar («Dreamer» og «Leave the Day»).
«I Could Be Nowhere (Drinking Nothing)" er eit løft på hatten til ein allereie pågåande diskusjon om fri vilje. Låtskrivar Donovan seier: «Eg har alltid vært fascinert av countrylåt-autonomien. «Eget» i songen som ikkje kan forklare kvifor, men gjer ting som dei verkeleg ikkje burde gjere, sjølv om det kostar dei mykje – denne songen er mitt bidrag til det temaet».
Den 17 minutt lange låta «Dreamer», er kanskje den eldste i Buster Sledge-katalogen: «Eg trur eg skreiv den i New York City i 2017, medan eg studerte komposisjon og ikkje skreiv mange «songar» (i motsetning til «stykker», som eg skriv med tunga rett plassert i munnen) i det heile tatt – og den inneheld delar av mykje som skjedde med meg på den tida; Gesualdo-inspirerte harmoniar, store opne soloparti (eg spelte i eit Grateful Dead band på den tida), og ein «slå ut den fjerde veggen»- tekst som er skreve i ein frustrert kreativ blindveg. Hold deg fast!» - Michael Barret Donovan.
EP-en avsluttast med «Leave the Day», ein epilog til «Dreamer», inspirert av solo vokale folkemusikktradisjonar i både USA og Norge.
Dreamer blei spelt inn av Sjur Lyseid (Little Hands of Asphalt, Flight Mode) I Globus Studios Oslo, bandet sin heimby. Den fire låtar lange EP-en består av lause trådar av låtmateriale som aldri fant vegen inn i andre innspelingsprosjekt. Ep-en vert kun fysisk utgjeven på kassett i 50 eksemplar. Ofte fortel konsertgjengarar ved merchboden om at dei ikkje har CD-spelar, men vil gjerne ha ein fysisk suvenir dei kan halde i hendene medan dei strøymer musikken fra ymse strøymetenester. Dersom dette er tilfelle, kvifor ikkje halde rundt ein kassett eller eit anna utdatert format? Denne nye måten å konsumere musikk på, strøyming, overlappar med den gamle måten å lytte på- fysiske format som CD, LP eller kassett - på samme måten som Buster Sledge musikalsk prøver å overlappe den gamle musikken med den nye. Kanskje vil følelsen av eigarskapen, tilknytninga og dermed opplevinga av verdien av musikken verte styrka ved denne fysiske representasjonen? Om ikkje, er det sjølvsagt berre å fyre opp si føretrukne strøymeteneste!
Releasekonsert på Riksscenen 20. oktober
Michael Barrett Donovan (fele, lead vocals)
Jakob Folke Ossum (gitar, vokal)
Mikael Jonassen (banjo, vokal)
Release: 19.10.2022
Artist: Buster Sledge
Tittel: Dreamer
Katalognummer: HCD7405
Label: Heilo
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro
Bilder



Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Frode Alnæs synger om "Ferie", andre singel i varmende Ry Cooder-landskap er ute i dag!20.6.2025 09:45:00 CEST | Pressemelding
Låta "Ferie" er en låt for sommeren, andre singel fra kommende album «Cooderland». Sammen med et stjernelag av norske musikere, som Adam Douglas, Monica Rennan Hjelle og Rikke Normann på kor, er det umulig å ikke synge med!
Andreas Rotevatn med liveplate - Weather Report møter Odd Nordstoga20.6.2025 09:25:00 CEST | Pressemelding
Fest eller flinkis, klubb eller kyrkje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Trombonist, komponist og artist Andreas Rotevatn gjev deg alt saman, og alt midt i mellom - no live fra Vestlandet!
Benedicte Maurseth slipper «Sommarbeite», den første singelen fra sitt nye album i dag20.6.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Etter det kritikerroste gjennombruddsverket Hárr (2022) er den prisvinnende hardingfelespilleren, komponisten og forfatteren Benedicte Maurseth tilbake med ny musikk. Nå slipper hun første singel, «Sommarbeite», fra albumet Mirra, som lanseres høsten 2025.
Benedicte Maurseth releases first single from her upcoming album – “Sommarbeite” out now20.6.2025 09:00:00 CEST | Press release
Following her critically acclaimed breakthrough work Hárr (2022), award-winning Hardanger fiddle player, composer, and author Benedicte Maurseth returns with new music. Today she releases the first single, “Sommarbeite” (Summer Pasture), from the upcoming album Mirra, set for release in autumn 2025.
I grenselandet mellom drøm og virkelighet – første singel fra Liv Andrea Hauge Trios nye album - "Natt Natt Natt" ute nå.20.6.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
5. september slipper Liv Andrea Hauge Trio sitt tredje album Døgnville, et utforskende og stemningsrikt verk som beveger seg i grenselandet mellom drøm og virkelighet. I dag kommer første singel fra plata -Natt natt natt – en låt for sene sommerkvelder som gir lytteren en første smak av trioens nye musikalske landskap.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom