Tankesmien Agenda

Ny undersøking visar at deltidsarbeid er eit problem for likestilling og ulikheit

Del
Deltidsarbeid er ein bremsekloss for likestillinga, og opprettheld ulikheita i samfunnet. Det kjem fram i ein ny medlemsundersøking gjennomført av Tankesmien Agenda på vegne av Handel og Kontor Norge, med over 9000 svar. Mange av dei som svarte jobbar i varehandelen.

Deltidsarbeid opprettheld ulikheita i Noreg

Undersøkinga viser at 45 av HKs medlemer jobbar deltid. Bland desse har nærare halvarten av dei sagt at dei ikkje har valt dette sjølv.

- Deltidsarbeid har store ringverkingar for folks liv. Det gir lågare lønn og pensjon, mindre tryggleik for arbeidstid og lønn neste månad enn heiltidsarbeid. Det blir òg vanskelegare å søkje bustadlån og utvikle seg på jobb, seier rådgivar i Tankesmien Agenda og forfattar av Agenda-notatet «Frå deltidsfelle til heiltidskultur», Trine Østereng.

Svare i undersøkinga underbygg dette. På spørsmål om kva konsekvensar HKs medlemer vektlegg rundt å jobbe deltid legg godt over 60 prosent vekt på at det er dårleg for inntekt og dårleg for pensjonsopptening.

Eit likestillingsproblem

Det er langt fleire kvinner enn menn som jobbar deltid, viser resultata frå undersøkinga som er gjennomført blant over 9000 medlemmar av Handel og Kontor Norge. Halvparten av kvinnene jobbar deltid, mens 27 prosent av mennene som svarer på undersøkinga gjer det same. Undersøkinga visar også at 4 av 5 av dei som jobbar deltid, men seier dei ikkje har valt dette sjølv, er kvinner.

- Som kvinne er det dobbelt så stor sjanse for at du jobbar deltid samanlikna med menn. Me veit at deltid bidrar til å oppretthalde kjønnsforskjellane i arbeidslivet. For det er i dei delane av varehandelen som er dominert av kvinner at me finn flest deltidstilsette, seier forbundsleiar i Handel og Kontor Norge, Christopher Beckham.

Arbeidsgivar eit særleg stort ansvar

- Vår undersøking viser at mange fleire kunne ha jobba heiltid om det blei lagt til rette for. Her har arbeidsgivar eit særleg stort ansvar, understrekar Østereng.

I notatet er det ei rekke forslag for å auke omfanget av heiltid i samfunnet. Det handlar om å innføre lovforslaget frå regjeringa om å ha heiltid som norm i arbeidslivet, men også å etablere meir varige strukturar for å legge til rette for heiltid på arbeidsplassane.

Nøkkelord

Kontakter

Om Tankesmien Agenda

Tankesmien Agenda
Tankesmien Agenda
Youngs gate 7
0181 Oslo

https://tankesmienagenda.no/
Tankesmien Agenda er en partipolitisk uavhengig tankesmie som bidrar til samfunnsanalyse og politikkutvikling for det moderne sentrum-venstre.

Enkeltindividets frihet forutsetter et bærekraftig samfunn med like muligheter, tillit og små forskjeller. Tankesmien Agenda skal styrke det offentlige ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utredninger, meningsutveksling og forslag til nye politiske løsninger som fremmer et slikt samfunn.

Tankesmien Agenda er en møteplass for fremtidsrettet politisk nytenkning i hele landet, hvor samfunnsengasjerte mennesker fra politikk, akademia, organisasjonsliv, næringsliv og media kan bidra med ulike oppfatninger og perspektiver.


Tankesmien Agenda er organisert som et ideelt AS, og eies av Trond Mohn og Landsorganisasjonen i Norge (LO). 

Følg pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Tankesmien Agenda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye