Beslutningsforum betaler meir for å behandle alvorlege tilstandar
Høge legemiddelprisar er eit globalt problem, og ulike land har ulike system for prisforhandlingar og godkjenning av nye legemiddel. I Noreg vurderast nye legemiddel til spesialisthelsetenesta i Nye metoder-systemet, etter dei tre prioriteringskriteria helsenytte, ressursbruk og alvorsgrad.
– Det at dei framforhandla legemiddelprisane er hemmelege gjer forsking på prioritering av legemiddel vanskeleg, og difor er vi veldig nøgd med at vi har fått tilgang til desse hemmelege prisane i vår studie, seier Eirik Joakim Tranvåg som har vore stipendiat ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS) og Senter for kreftmarkørar (CCBIO) ved Universitetet i Bergen.
I den nye studien frå UiB er alle legemiddelavgjersler i Nye metoder-systemet frå 2014 til 2019 analysert, og dei har kunne nytte dei hemmelege legemiddelprisane som ligg til grunn for kostnad-effekt-vurderingane i artikkelen.
Forskarane fant at avgjerslene i stor grad følgjer dei politisk vedtekne prioriteringskriteria og betalingsviljen er større jo meir alvorleg tilstandane er. Dette gjeld og for nye kreftlegemiddel. Samanlikna med legemiddel for mindre alvorlege tilstandar er legemiddel for meir alvorlege tilstandar godkjende med ein høgare kostnad per vunne kvalitetsjusterte leveår. Forskarane finn óg at legemiddel som blir avslått oftast har ein langt høgare kostnad per kvalitetsjusterte leveår enn dei som blir godkjend.
– Det er mange som har meiningar om Nye metoder og prosessen rundt innføring av nye legemiddel, og vi håper at vår forskingsartikkel kan tilføre noko til denne debatten. I tillegg meiner vi at artikkelen har internasjonal relevans, for dyre legemiddel og avgrensa ressursar er noko som helsesystem i alle land slit med, seier Tranvåg.
Link til artikkelen i JAMA Network Open:
https://jamanetwork.com/journals/jamanetworkopen/fullarticle/10.1001/jamanetworkopen.2022.19503?utm_source=For_The_Media&utm_medium=referral&utm_campaign=ftm_links&utm_term=062922
Nøkkelord
Kontakter
Eirik Joakim Tranvåg, telefon 918 84 444 / eirik.tranvag@uib.no
Bilder

Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Møt FNs naturpanel i Bergen28.11.2023 11:09:30 CET | Presseinvitasjon
FNs naturpanel IPBES holder sitt årlige dialogmøte i Bergen 5.-7. desember. Bli med på åpent møte 7. desember eller få kontakt med eksperter og ledere som er tilgjengelig for media under Bergensoppholdet.
Bilder fra demonstrasjonen for Griegakademiet22.11.2023 20:50:41 CET | Pressemelding
Studenter, ansatte og venner av Griegakademiet demonstrerte for et nytt bygg til musikkstudentene foran Stortinget i dag.
Demonstrasjon for nytt Griegakademi22.11.2023 12:00:31 CET | Pressemelding
I dag, Onsdag 22. november, klokka 15:30 demonstrerer noverande og tidlegare studentar, tilsette på Griegakademiet, musikkelskarar og vener av Griegakademiet utanfor Stortinget for nybygg for Griegakademiet i Bergen.
Ny rapport: Spis mer småfisk!21.11.2023 09:31:05 CET | Pressemelding
I en ny rapport fra FNs organisasjon for ernæring og landbruk slås det fast at småfisk er en undervurdert kilde til ernæring og kan bidra til å løse utfordringer knyttet til matsikkerhet globalt. Konklusjonen er at verden må spise mer næringsrikt – og da er et av svarene småfisk.
Aarebrotforelesningen 2024 skal holdes av Kalle Moene15.11.2023 09:19:14 CET | Pressemelding
Den sjette Aarebrotforelesningen går av stabelen 21. januar og skal holdes av professor emeritus i økonomi, Universitetet i Oslo, Kalle Moene. Temaet for forelesningen er økonomisk likhet og ulikhet gjennom 100 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom