85 milliardar kroner til betre infrastruktur og grønare framtid

Sjå alle pressemeldingane frå Samferdselsdepartementet her.
Regjeringa foreslår å løyve 84,6 milliardar kroner til samferdselsformål i 2022. Dette er ein auke på 3,1 prosent samanlikna med 2021, når ekstramidlane til koronatiltak blir heldt utanfor.
Meir veg for pengane
Regjeringa foreslår om lag 40 milliardar kroner til vegformål. Av dette er 33,5 milliardar kroner fordelt til Statens vegvesen og 5,9 milliardar kroner til Nye Veier. I tillegg kjem 500 millionar kroner til Fellesprosjektet Ringeriksbana/E16.
– Vi er avhengige av vegane og ferjene våre. Vi må finne ein balanse mellom å investere i nye vegar og ta vare på det vi allereie har. Derfor vil til dømes utbetringsstrekningar bli viktige i åra som kjem. Det er vegstrekningar der Statens vegvesen utbetrar den eksisterande vegen, framfor å bygge nytt – eit verkemiddel vi framheva i ny Nasjonal transportplan, seier Hareide.
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for utbetringsstrekningane. Fleire prosjekt er starta og fleire ligg an til å starte opp allereie i 2022. Statens vegvesen vurderer prosjekta og bestemmer når dei kan startast opp.
Regjeringa foreslår å løyve 19,8 milliardar kroner til investeringar på vegane. Dette inkluderer det Nye Veier gjer. I tillegg til å halde fram utbygginga på fleire strekningar, vil fleire store prosjekt (prosjekt som har kostnad på over 1 milliard kroner) kunne starte opp: E18/E39 Gartnerløkka–Kolsdalen, E136 Breivika–Lerstad og E8 Sørbotn–Laukslett.
I tillegg kjem om lag 9 milliardar kroner til drift og vedlikehald av vegane. Med dette vil vedlikehaldsetterslepet på vegane gå ned med 350 millionar kroner.
Sjå eiga pressemelding om veg.
Prioriteringane styrker konkurranseevne til jernbana
Til jernbaneformål foreslår regjeringa å løyve 31,8 milliardar kroner. Dette er andre år på rad forslaget til regjeringa er på over 30 milliardar kroner.
– Med dette forslaget held vi fram å styrke konkurranseevne til jernbana. Vi prioriterer å halde framdrifta i påbegynte utbyggingsprosjekt, og det kjem nye tog til Austlandet. Det nye signalsystemet ERTMS vil bli sett i drift på delar av Gjøvik- og Nordlandsbana i 2022. Det er mykje å glede seg til for alle oss som er glade i jernbana, seier Hareide.
Forslaget til regjeringa gjer det mogleg å starte opp bygginga av prosjekta Sørli–Åkersvika på Dovrebanen og Fløen–Bergen på Vossebanen, som òg inkluderer modernisering av Nygårdstangen godsterminal. Det vil gjere det mogleg å auke frå eit til to tog i timen mellom Oslo og Hamar. Mellom Bergen og bydelen Arna kan talet på tog auke frå to til fire i timen, i tillegg til auka godskapasitet.
I tillegg foreslår regjeringa 500 millionar kroner til Ringeriksbanen og E16. Det vil sørge for vidare planlegging og noko førebuande arbeid på prosjektet. Ansvaret for både jernbaneutbygginga og dei tilhøyrande strekningane på E16 blei overført til Nye Veier i 2021.
Regjeringa ønsker å vidareføre støtteordninga som legg til rette for at meir gods skal fraktast miljøvenleg på skjener. For 2022 er forslaget på 82 millionar kroner til ordninga.
Sjå eiga pressemelding om jernbane.
Satsinga på grønare byar fortsett
– Regjeringa satsar stort i byområda og bidrar til eit grønare samfunn og ein enklare reisekvardag. Vi ønsker å føre vidare satsinga og foreslår å løyve 6 milliardar kroner til dei største byane våre i 2022. Det fører til meir kollektivtrafikk og betre forhold for syklistar og fotgjengarar, seier samferdselsministeren.
I tillegg sett regjeringa av 30 millionar kroner til ei ny tilskotsordning. Den skal styrke innsatsen på klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome i mindre byområde som ikkje er omfatta av byvekst- og belønningsavtalar.
For meir informasjon, sjå pressemeldinga om veg- og bysatsinga.
Nye lufthamner skal planleggast vidare
Regjeringa foreslår å løyve 1,4 milliardar kroner til luftfartsformål. Av dette går 828,5 millionar kroner til statlege kjøp av regionale flyruter (FOT-ruter). 250 millionar kroner går til vidare planlegging av nye lufthamner i Bodø og Mo i Rana.
– Pandemien har vore svært utfordrande for norsk luftfart. Det har sett Avinor i ein vanskeleg situasjon. Regjeringa foreslår derfor å ikkje ta ut utbytte frå selskapet i 2022, seier Hareide.
Sjå eiga pressemelding for luftfart.
Utbygginga av Stad skipstunnel startar
Regjeringa foreslår å løyve totalt 3,35 milliardar kroner til kystformål i 2022. Mykje av dette går til arbeidet med å utbetre farvatna fleire plassar i Noreg. Det legg til rette for dei stadig større båtane og skipa som seglar langs kysten.
Til å starte arbeidet med Stad skipstunnel foreslår regjeringa å løyve 440 millionar kroner. Prosjektet skal koste totalt 3,4 milliardar kroner, og er venta ferdig i 2026.
– Vi må få ein meir miljøvenleg og effektiv godstransport. Derfor ønsker vi å vidareføre tilskotsordninga for investering i effektive og miljøvenlege hamner med 55,5 millionar kroner. I tillegg vidareførar vi tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø, med 32,4 millionar kroner, seier samferdselsministeren.
Sjå eiga pressemelding om kyst.
For meir informasjon om budsjettet, sjå:
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Ring 1: Foreslår tungtrafikkfelt på E18 Asker–Holmen og samkjøring for elbil med to eller flere passasjerer på strekningen Holmen–Sandvika11.4.2025 17:00:00 CEST | Pressemelding
– Stengingen av Ring 1 har gitt store utfordringer for trafikkavviklingen vest for Oslo. Sammen med Statens vegvesen har vi lenge jobbet med å finne tiltak som kan bedre den trafikale situasjonen. Statens vegvesen foreslår nå å etablere tungtrafikkfelt på E18 mellom Asker og Holmen. Samtidig foreslås det å teste samkjøring for elbil med minst to passasjerer på strekningen fra Holmen og til Sandvika, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Ett steg nærmere flere togavganger på Østfoldbanen7.4.2025 11:15:27 CEST | Pressemelding
– Jeg er glad for at reguleringsplanen nå er vedtatt. Et anlegg for togparkering i Mosseregionen er en viktig brikke for å få et bedre togtilbud på Østfoldbanen, sier samferdselsminister John Ivar Nygård.
Stor milepæl for Noregs største samferdselsprosjekt i nyare tid4.4.2025 11:49:30 CEST | Pressemelding
Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av fellesprosjektet Arna-Stanghelle i Vestland. Dersom Stortinget sluttar seg til forslaget, blir det oppstart av det største samferdselsprosjektet i Noreg i nyare tid.
Bypakke Nord-Jæren: Forlenger bypakken slik at fleire prosjekt kan bli gjennomført4.4.2025 11:45:00 CEST | Pressemelding
– Forslaget om å forlenge Bypakke Nord-Jæren byggjer på lokale vedtak og legg til rette for at det blir balanse mellom forventa inntekter og utgifter i prosjektporteføljen. Med dette framlegget vil fleire prosjekt og tiltak på Nord-Jæren kunne bli gjennomført, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Klart for Bypakke Kristiansund4.4.2025 11:45:00 CEST | Pressemelding
– Med denne bypakka kjem det prosjekt og tiltak både på riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Det legg til rette for grøn byutvikling og gode transportløysingar i Kristiansund, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom