No kjem Stad skipstunnel
4.12.2020 12:00:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

- Stad skipstunnel er eit spennande prosjekt, som er unikt i verdssamanheng. Det har vore ei lang reise, og midlane har ikkje alltid strokke til. Etter budsjettforhandlingane har det kome pengar til oppstart i 2021. Det betyr at prosjektet blir gjennomført. Dette er ein stor dag for nordvestlandet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Prosjektet har enno ikkje vore i Stortinget. Derfor vil Samferdselsdepartementet legge fram ein proposisjon om prosjektet så snart som råd. Så snart prosjektet er godkjent av Stortinget, kan arbeidet fortsette. Kystverket trur det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021.
Stad skipstunnel har vore utgreia og kvalitetssikra mange gongar. Sist i 2018. Da viste kvalitetssikringa at prosjektet ville koste 3,7 milliardar kroner. 1 milliard kroner meir enn det som ligg i Nasjonal transportplan.
Sidan den gong, har Kystverket gått gjennom prosjektet for å få ned kostnadane. I haust har Kystverkets førelegg vore på ei forenkla kvalitetssikring. Sluttrapporten var klar 5. november. Den sett fast at prosjektet vil koste 3,45 milliardar kroner.
- Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg legge til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsministeren.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
No blir det enklare å levere dokumentasjonen for godstransport10.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag må transportnæringa ha med seg mykje av den lovpålagte dokumentasjonen for godstransport på papir. Arbeidarpartiregjeringa ønskjer å gjere dette enklare for både transportørane og styresmaktene, og føreslår difor å gje transportørane rett til å levere den lovpålagde dokumentasjonen digitalt.
Jannicke Hilland er ny styreleiar i Entur9.6.2026 14:56:35 CEST | Pressemelding
På dagens generalforsamling i Entur AS blei Jannicke Hilland vald som ny styreleiar i selskapet. Nestleiaren i styret, Leif Harald Jensen, og styremedlem Sverre Kristian Gjessing vart attvalde.
Ni av ti tog var i rute i mai og rekord i antall togreiser for andre år på rad3.6.2026 07:15:00 CEST | Pressemelding
Mai i år har vært ekstra skjønn for jernbanen med rekordhøy punktlighet, der 90 prosent av togene har vært i rute. For andre år på rad ble det også i 2025 satt ny rekord i antall togreiser.
Ny bru over rv. 70 ved Fale i Sunndal i Møre og Romsdal kan stå klar i 202822.5.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen inviterer i dag til konkurranse om å bygge ny bru over Driva ved Fale i Sunndal kommune.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
