Kompensasjonsordninga: 34 fleire medium har søkt koronastøtte sidan forskriftsendringa

For å få støtte, må mediet oppfylle kriteria for å kunne få kompensasjon for inntektsbortfall som følge av koronakrisa. Blant anna blir det stilt krav om at mediet må drive regelmessig journalistisk produksjon og kunne dokumentere å ha hatt eit fall i omsetninga på minst 15 prosent samanlikna med same periode i 2019.
Medietilsynet kjem til å berekne støttesummen til dei ulike medieverksemdene basert på den økonomiske informasjonen media no har sendt inn. Den økonomiske ramma til fordeling som er løyvd av Stortinget, er på 300 millionar kroner.
Det er 18 nettaviser, 95 aviser, 1 lokal-tv kanal, 20 radiokanalar og 67 tidsskrift (nett- og papirbaserte interesse- og medlemsblad) som har søkt om koronakompensasjon.
Sjå heile lista over søkarar til kompensasjonsordninga her.
Kompensasjonen blir fordelt slik:
Medium kan få kompensasjon for inntil 60 prosent av inntektsbortfallet frå 15. mars til 30. juni 2020, avgrensa oppover til 15 millionar kroner per føretak. Støttesum utrekna til under 25 000 kroner blir ikkje utbetalt.
Dersom den samla berekna kompensasjonen overstig ramma på 300 millionar kroner, blir alle utbetalingar avkorta med same prosent.
Kompensasjonen blir betalt ut ein gong per søkar, og det blir ikkje betalt ut forskott. Det blir berre gitt kompensasjon for inntektsbortfall som skuldast koronakrisa, og redusert arbeidsgivaravgift i 2020 blir trekt frå kompensasjonssummen.
Utrekna kompensasjon pluss driftsresultat for perioden 15. mars til 30. juni 2020 kan ikkje overstige driftsresultatet for enten eit gjennomsnitt av driftsresultatet for fjoråret multiplisert med 3,5 månader eller driftsresultatet for perioden frå og med 15. mars til og med 30. juni 2019.
Nokre av kriteria som må vere oppfylte for å kunne få kompensasjon:
- Mediet må drive regelmessig journalistisk produksjon og publisere nyheiter, aktualitetsstoff, samfunnsdebatt eller anna innhald av allmenn interesse.
- Mediet må ha ein redaktør.
- Mediet må kunne dokumentere eit fall i omsetning på minst 15 prosent frå same periode i 2019 eller frå eit gjennomsnitt av driftsresultatet for fjoråret multiplisert med 3,5 månader.
- Mediet må ha hatt minst ein tilsett registrert i arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret sidan 15. mars 2020. Minst ein tilsett må ha fått utbetalt lønn i perioden 15. mars til og med 30. juni 2020.
- Mediet må ha levert lovpålagde rapportar for 2018 og må ha betalt skattar og avgifter.
Verksemder som ikkje er omfatta av ordninga:
- Nyheitsbyrå
- Verksemder som er under avvikling eller konkursbehandling
- Produksjonsselskap og innhaldsleverandørar som ikkje publiserer sjølv
- Medieplattformer som berre tilbyr brukargenerert innhald
- Bloggarar, youtubarar og influensarar.
Les meir om kompensasjonsordninga for medium i samband med koronakrisa her.
Nøkkelord
Kontakter
Kristine MeekDirektør kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:+47 918 85 405kristine.meek@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Forbod mot reklame i radio og tv i påska16.4.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og 1. påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.
Endra aldersgrense på ny familiefilm etter tilsyn11.4.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
Den nye kinofilmen “Hundemannen” har fått ny aldersgrense etter at Medietilsynet har ført tilsyn med han. Filmen har nå aldersgrense 6 år mens den først var merka “tillaten for alle”.
Endringer i kringkastingsregelverket: Nye reklameregler og økte krav til universell utforming fra 1. mai4.4.2025 12:10:19 CEST | Pressemelding
Oppmykning i reglene for reklame, sponsing og produktplassering er blant lovendringene som gjelder for norske kringkastere og strømmetjenester fra 1. mai. Samtidig blir det skjerpede krav til universell utforming.
16 nye aviser søker om produksjonstilskudd26.3.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
177 aviser har i år søkt om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. 16 av disse har ikke fått støtte tidligere. Blant de nye søkerne er det både lokalaviser og aviser med hele landet som nedslagsfelt.
Lav bevissthet om produktplassering hos norske TV-seere21.3.2025 06:50:00 CET | Pressemelding
Bare fire av ti har lagt merke til at program på norske TV-kanaler og strømmetjenester er merket med produktplassering, ifølge en undersøkelse som Kantar har gjort på oppdrag fra Medietilsynet. En like lav andel vet hva denne merkingen faktisk betyr.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom