Berekraftsmåla på nynorsk

FNs berekraftsmål er verdas fyrste felles plan for å løyse dei store globale problema, som å utrydde fattigdom, fjerne ulikskap og stoppe alvorlege klimaendringar.
Berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015, og er omsett til ei rekke språk, også bokmål og nordsamisk. No er endeleg også nynorskversjonen klar.
- Det er særleg viktig å nå barn og unge med kunnskap om berekraftsmåla, fordi løysningane påverkar deira framtid. No kan også nynorskbrukarar diskutere dei globale utfordringane på eige målføre, seier FN-sambandets generalsekretær, Anne Cathrine da Silva.
Endringar også i andre versjonar
Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samarbeid med andre departement, har også omarbeidd bokmålsomsetjinga, i tillegg til å få på plass den ferske nynorskutgåva. Hausten 2019 sørga FN-sambandet for ei nordsamisk omsetjing. Også den er no oppdatert.
Regjeringa har nyleg annonsert at Noreg skal få ein nasjonal handlingsplan for å nå berekraftsmåla, då er det ekstra viktig at ordlyden er lik på alle språk.
- Vi er inne i tiåret for handling før berekraftsmåla skal vere oppfylt i 2030. No håpar vi at dei nye omsetjingane får enda fleire med på å diskutere moglege løysingar på berekraftsmåla, seier da Silva.
Bruk av materiale om berekraftsmåla
Endringane i bokmålsomsetjinga fører til at trykka materiale og anna grafikk ikkje lenger stemmer med den offisielle omsetjinga.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer endringane i ordlegging som små nok til at det ikkje er naudsynt å slutte å bruke eksisterande materiell. Dei oppfordrar likevel til å bruke den nye omsetjinga i produksjon av nytt materiell, og i digitalt innhald.
Grafikk til nedlasting, ny ordlyd og meir informasjon på bokmål, nynorsk og nordsamisk finn de her: https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal og her https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal?lang=nno-NO
Bilder


Om FN-sambandet
FN-sambandet jobber for økt kunnskap om FN og internasjonale spørsmål. Vi har seks distriktskontorer som dekker hele landet. Det finnes FN-samband i mer enn hundre land.
Følg pressemeldinger fra FN-sambandet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra FN-sambandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra FN-sambandet
Denne uka i FN: Syv ting du bør følge under årets ILO-konferanse2.6.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
Hver mandag ettermiddag gir vi deg informasjon om ukas viktigste hendelser i FN.
Denne uka i FN: Hva skjer med nødhjelpen på Gaza?26.5.2025 14:49:12 CEST | Pressemelding
Hver mandag ettermiddag gir vi deg informasjon om ukas viktigste hendelser i FN.
Denne uka i FN: Endelig en seier for global helse?19.5.2025 14:17:32 CEST | Pressemelding
Hver mandag ettermiddag gir vi deg informasjon om ukas viktigste hendelser i FN.
FN-sambandet får nytt styre15.5.2025 15:34:43 CEST | Pressemelding
I dag stemte medlemsorganisasjonene til FN-sambandet inn et nytt styre, og KFUK-KFUMs Øivind Landmark blir styreleder. Dette ble vedtatt på FN-sambandets landsmøte.
Denne uka i FN: Norge høres i FNs barnekomité12.5.2025 13:06:04 CEST | Pressemelding
Hver mandag ettermiddag gir vi deg informasjon om ukas viktigste hendelser i FN.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom