Fleire søker opp kulturarv på nett
Riksarkivarens arkivstatistikk for 2019 viser at det er bevart heile 598 765 (hylle)meter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Dette utgjer nær 6 milliardar sider. Set du alle arkivboksane tett inntil kvarandre, vil du få ei rekkje som strekkjer seg frå Stovner i Oslo til Steinkjer i Trøndelag.
Av dette er rundt 90 millionar sider tilgjengelege digitalt. Dette utgjer 1,5 prosent av den totale arkivmengda.
– Dette er samla sett eit lågt tal, men eg veit samstundes at mange arkivinstitusjonar gjer ein god jobb med å gjere arkivmaterialet sitt digitalt tilgjengeleg. 26 institusjonar publiserer no sine arkivskattar i Digitalarkivet, og det er ei svært gledeleg utvikling, seier riksarkivar Inga Bolstad om tala.
Sjå kaptein Anders Harboe-Rees dagbok og fotoalbum i Digitalarkivet
Frå låst skattkiste til open datasjø
Likevel er det nødvendig å auke digitaliseringstempoet for historiske arkiv.
– Tala frå arkivstatistikken syner at arkivinstitusjonar over heile landet oppbevarer enorme mengder unikt arkivmateriale få har tilgang til. Her ligg det eit stort potensial. Vi må gjere meir av kjeldematerialet tilgjengeleg for fleire, uavhengig av geografi og opningstider. Førstevalet for brukarane skal vere digitalt. Yngre generasjonar forventar å finne historiske kjelder på nett. Digitaliseringa av kulturarven i Noreg handlar om å få arkivskattane ut på nett, som opne data til bruk og nytte for alle, seier Bolstad.
Fleire søker opp kulturarv på nett
Statistikken viser også at tal på unike brukarar av nettsidene til arkivinstitusjonane aukar. Dersom vi summerer tala for unike brukarar på institusjonane sine nettstader får vi nær 2.5 millionar unike brukarar, inkludert Digitalarkivet, som ein gong i løpet av 2019 har besøkt nettstaden til ein av dei 31 arkivinstitusjonane i Noreg. Digitalarkivet åleine hadde 6,2 millionar besøk i 2019.
Talet 2.5 millionar får vi når vi legg saman unike brukarar for nettstadene som arkivinstitusjonane har rapportert inn. Dei same brukarane kan derfor ha vore inne på fleire av nettstadene som er rapportert inn og vil difor vere talde fleire gongar.
For eit djupdykk i tala, sjå arkivverket.no.
Om Arkivstatistikken:
Riksarkivaren har som oppgåve å hente inn årleg statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid. Arkivstatistikken 2019 omfattar svar frå 150 institusjonar, 31 arkivinstitusjonar, 70 museum og 49 bibliotek. Svarandelen var i år på 92 prosent.
Nøkkelord
Kontakter
Helen Daae FrøysethSeniorrådgiver
Kommunikasjon og formidling
Bilder
Om Arkivverket
Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
Norsk helsearkiv fyller fem år26.6.2024 10:45:49 CEST | Pressemelding
Arkivverket Norsk helsearkiv feirer sine første fem år torsdag 27. juni, med seter-opera og pølsefest.
Skal ta vare på mer samisk historie ved hjelp av bevaringsplan11.4.2024 07:50:26 CEST | Pressemelding
Samisk arkiv i Arkivverket har laget en bevaringsplan for samiske privatarkiver. Med den skal arkiver fra og for det samiske samfunnet sikres, bevares og bli gjort tilgjengelig.
Presseinvitasjon: Lansering av bevaringsplan for samiske privatarkiv8.4.2024 15:05:50 CEST | Presseinvitasjon
Torsdag 11. april lanserer Samisk arkiv i Arkivverket bevaringsplan for samiske privatarkiv.
Arkivverkets vårslipp 20248.4.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
9. april publiserer Arkivverket fire sentrale registre og arkiver om norske politiske fanger under andre verdenskrig. Seriene vil bli tilgjengelige på Digitalarkivet.
Arkivtilsyn hos 54 offentlige virksomheter i 202415.2.2024 12:47:27 CET | Pressemelding
54 offentlige virksomheter får tilsyn av Arkivverket i 2024. Prioriterte forvaltningsområder er helsesektoren og universitets- og høyskolesektoren.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom