Ny redaktør i Sogn Avis

– Dette er den mest spanande mediejobben i heimeområdet mitt, og det seier seg sjølv at eg måtte vurdera å søkja når han vart ledig. Slike sjansar kjem ikkje ofte. Eg er imponert over jobben Sogn Avis har gjort med å digitalisere avisdrifta dei siste månadene, og kome fram til at dette vil eg vera med på. Eg er takksam overfor styret som gir meg denne sjansen, seier Uglum.
Han er 45 år gamal, busett i Sogndal og kjem frå jobben som prosjektleiar og programleiar for dokumentarserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i NRK. Han har arbeidd med denne serien sidan 2014, og hatt ansvaret for å tilpassa serien til ein ny, digital mediekvardag.
Han har vore tilsett i NRK sidan 1999, og arbeidde før det i Sogn Dagblad og Årdal & Lærdal Avis.
Med seg i ein redaktørduo får han Eli Grotle, som har vore konstituert som redaktør sidan Jan Inge Fardal sin avgang med årsskiftet. Ho har vore tilsett som redaksjonssjef, men blir nyhenderedaktør når Uglum tiltrer.
– Med Eli ved roret sette staben i gang med det store, digitale spranget ved nyttår. Ho og staben har så langt gjennomført dette på imponerande vis, med stor auke i talet på abonnentar. Me har ein lang veg å gå enno, og i dagens omskiftelege medieverd ligg det nye utfordringar og moglegheiter rundt kvar sving. Eg er svært glad for at Eli blir med på denne vegen, seier Uglum.
Uglum må fullføre arbeidet sitt i NRK før han startar opp i rolla som redaktør og dagleg leiar, og skal etter planen vera på plass innan 1. november. Fram til då held Grotle fram som konstituert redaktør.
Med Arve på plass 1. november vil avisa gå frå toleiar- til einleiarmodell, der han i tillegg til å vere ansvarleg redaktør også vert dagleg leiar. Leif Johannes Lunde som no er dagleg leiar, går då over i ny rolle som salssjef i avisa.
Styreleiar i Sogn Avis og regiondirektør i Amedia region Vest, Svein Atle Huus, seier at han er svært glad for at Arve har takka ja til denne utfordringa. Med hans erfaring både frå lokalavis, men også fleire ulike roller i NRK, og hans solide resultat derifrå, så har Sogn Avis fått ein veldig spennande toppleiar. Eg meiner Arve vil tilføre Sogn Avis mykje med si erfaring, sin tilstedeverelse, sterke engasjement for journalistikken og klare ambisjon om å utvikle avisa vidare. Eg er også veldig glad for at vi har med oss Eli vidare som nyhenderedaktør og Leif Johannes som salssjef når Arve er på plass 1. november.
Sogn Avis blei kjøpt opp av Amedia hausten 2019. Avisa har hovudkontor på Leikanger, har eit offisielt opplag på 8.045, og er lokalavis for seks kommunar i Indre Sogn.
Bilder

Om Amedia
Amedia er landets største utgiver av lokale medier. Daglig når konsernets medier to millioner lesere.
Amedias redaksjonelle medarbeidere er hver dag til stede i lokalsamfunn over hele landet for å rapportere om det som skjer. Samtidig bidrar våre selgere til å skape lokale markedsplasser gjennom å koble lokale næringsdrivende med kunder. Sammen dekker disse funksjonene vårt samfunnsoppdrag i alle lokalesamfunn hvor Amedia er til stede. Verdiene som ligger til grunn for Amedias tolking av samfunnsoppdraget finner man i vår forretningsidé og vår utgivererklæring.
Følg pressemeldinger fra Amedia
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Amedia
Sindre Slethei konstitueres i Gjesdalbuen7.4.2025 20:05:04 CEST | Pressemelding
Sindre Slethei (28) er konstituert som ansvarlig redaktør i Gjesdalbuen. Han har vært journalist i avisa de fire siste årene.
Magne Storedal til Lofot-Tidende4.4.2025 12:01:56 CEST | Pressemelding
Når Mariell Tverrå Løkås tiltrer som ny ansvarlig redaktør og daglig leder i Bodø Nu 1. mai, konstitueres Magne Storedal i en tilsvarende stilling i Lofot-Tidende. Storedal er for tiden konstituert som toppleder i Bodø Nu.
Gustaf Eriksson slutter i Amedia - blir til arvtaker er avklart26.3.2025 11:00:33 CET | Pressemelding
Gustaf Eriksson, direktør for Amedia abonnement er ansatt i Schibsted Media, men fortsetter i sin rolle i Amedia frem til hans arvtaker er avklart.
Amedia avvikler trykkeri i Larvik20.3.2025 13:01:21 CET | Pressemelding
Amedia har besluttet å avvikle konsernets trykkeri i Larvik. – Opplagsnedgangen på papir, i kombinasjon med frekvensreduksjoner i mange aviser, gjør det nødvendig å ta ned trykkerikapasiteten på Østlandet, sier styreleder John Kvadsheim i Amedia Trykk.
Redaktørbyte i Hordaland og Firda6.3.2025 09:03:09 CET | Pressemelding
Firda-redaktør Kai Aage Pedersen (59) blir konstituert som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Hordaland på Voss. I den perioden Pedersen skal leie Hordaland, blir nyheitsredaktør Øystein Silde Frønsdal (29) konstituert i tilsvarande rolle i Firda.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom