God framdrift i byggjeprosjekta i vest

Det er store byggjeprosjekt under arbeid i alle føretaka i Helse Vest. Bygging av nytt universitetssjukehus i Stavanger, nytt barne- og ungdomssjukehus i Bergen og nye sjukehusbygg i Haugesund og i Førde. Dette er krevjande og store prosjekt med mange involverte, men førebels går det meste etter planen.
- Føretaka melder om at det ikkje er vesentlege avvik i byggjeprosjekta og det er vi veldig glade for. Medarbeidarar i helseføretaka og hos leverandørane jobbar godt for å halde både kvaliteten og tempoet oppe, sjølv om det må gjerast endringar som følgje av koronapandemien. Det er viktig at smittevern på byggjeplassane blir ivaretatt på ein god måte, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.
Gjer kva dei kan for å halde hjula i gang
Glasblokkene, det nye barne- og ungdomssjukehuset i Helse Bergen, har vore under planlegging på Haukeland universitetssjukehus heilt sidan slutten av 1990-tallet. I 2016 vart første byggetrinn tatt i bruk, og etter planen skal Glasblokkene stå komplett ferdige i 2023. Når alle blokkene står klare, skal heile Barne- og ungdomsklinikken flytte inn saman med Kvinneklinikken i det som vil bli det mest komplette sjukehuset i Noreg for barn, unge og fødande. Store delar av den gynekologiske verksemda ved Kvinneklinikken flyttar også til Glasblokkene.
- Arbeidet med byggetrinn 2 av Glasblokkene som planlagt, både når det gjeld kost og framdrift. Det har vore noko redusert bemanning grunna covid-19, men vi har hatt fokus på å leggje til rette for tiltak som dei respektive arbeidsgjevarane ønskjer å sette i verk. Både vi og entreprenørane har eit klart ønskje om å halde hjula i gang og å unngå permitterteringar, seier direktør drifts/teknisk divisjon i Helse Bergen, Askjell Utaaker.
Sjølv om alt førebels går etter planen skal det lite til før enkelte utanlandske leveransar stansar opp, som følgje av nedstenging av produksjonsanlegg, transportforhold og anna knytt til koronapandemien. Dette er ein krevjande situasjon for alle byggjeprosjekt, spesielt for eit av landets største sjukehusutbyggingsprosjekt; SUS2023. Likevel har god dialog mellom partane gjort at dei førebels har kunne planleggje rundt desse utfordringane.
Godt samarbeid med entrepenørane
- Til no har ikkje dette medført større utfordringar enn vi og entreprenørane har kunne handtere. Dei aller fleste av kontraktane vi har lyst ut er vunne av selskap på Nord-Jæren. I tillegg er SUS2023 er eit av verdas mest digitale byggjeprosjekt og bruk av BIM (Bygnings Informasjons-Modellering) i byggeprosessen, gir detaljerte virtuelle byggjeteikningar. Det gjer at det er greitt at fleire som er med i planlegginga no har heimekontor. Berre dei frå byggherre og entreprenørar som treng å vere på plass i brakkene på byggjeplassen for å halde framdrifta, er tilstade fysisk, seier prosjektdirektør i SUS2023, Kari Gro Johanson.
Første byggetrinn det nye universitetssjukehuset i Stavanger skal stå klart i 2023. Då vil somatisk døgnbehandling, nødvendige radiologi- og laboratoriefunksjonar for døgnbehandling og akuttfunksjonar, samt delar av dagbehandling og poliklinikkareal med tilhøyrande støtte- og serviceareal vere samla på Ullandhaug. Planen er å flytte all somatisk verksemd til det nye sjukehuset innan 2030. Også i Helse Førde og Helse Fonna går byggjearbeidet meir eller mindre som normalt.
- Vi kan sjølvsagt møte utfordringar i tida som kjem, alt etter korleis smitta utviklar seg, både knytt til bemanning lokalt og frå utlandet og til tilgangen på utstyr til bygg. Men vi har eit godt utgangspunkt for å handtere dette; nemleg den gode dialogen som er mellom utbyggjarane og leverandørane. Dette er noko vi innstilte på å få til i lag, seier Bryne.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom