Stor last med smittevernutstyr
22.4.2020 13:34:05 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding

Sendingar som kjem til Noreg, blir først henta på Gardermoen, og frakta vidare til Helse Sør-Øst sitt lager på Kløfta. Her blir utstyret først testa og kvalitetssikra før det blir fordelt og sendt vidare til dei ulike regionale helseføretaka. Dei regionale helseføretaka har ansvaret for å fordele utstyr både til sjukehusa og kommunane.
Godt samarbeid med ekstern aktør
Sidan midten av mars har Helse Vest samarbeida med ein ekstern aktør om trygg handtering av varar inn og ut av lageret.
Logistikk er spesielt viktig i ein situasjon som denne, og no set logistikken seg meir og meir. Samstundes er det god utvikling i kvaliteten på innpakningen frå leverandørane. Det er viktig, sidan mykje av utstyret som blir tatt imot, krev ekstra sikkerheit og er temperatursensitivt.
Stor leveranse
Det har vore leveringar til lageret av ulik storleik dagleg. Fredag 17. april kom ein ekstra stor leveranse til lageret i Bergen. Sjåførane Geir Bæverfjord og Henrik Allgardheim frakta dei 150 pallane med etterlengta smittevernutstyr frå Austlandet til Bergen.
– Vi er heldige som ikkje er permitterte, og heller får køyre så verdifull last som dette, seier dei to, som til vanleg køyrer for store TV-produksjonar og smørebil for Skiforbundet.
Dei hadde mellom anna med seg 28 000 smittedrakter, 62 000 smittefrakkar, 357 000 munnbind, 35 000 latekshanskar, 900 operasjonsluer, 21 600 vernebriller, 20 000 visir, 568 000 nitrilhanskar og 23 000 andedrettsmasker. Alt importert frå Kina.
Frå lageret blir utstyret fordelt vidare til primær- og spesialisthelsetenestene, fordelt etter folketal.
Les meir om korleis kvaliteten på smittevernutstyret blir kontrollert
Samarbeid med FFI om kvalitetssikring av smittevernutstyr
Råd frå FHI til helsepersonell om korleis ein reduserer behovet for smittevernutstyr
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder

Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
