
Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger

– Regjeringa har kome med fleire gode tiltak, men den nyleg føreslåtte kompenasjonsordninga hjelper ikkje reiselivet i Hardanger. Skjer det ikkje endringar her, kjem det til å få store konsekvensar, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord.
– Heilt urimeleg
Reiselivsdirektøren viser til at tiltakspakken i denne omgang kun gjeld frå mars til mai med utgangspunkt i omsetnad tilsvarande periode i 2019. Utfordringa er at nærmare 80 prosent av omsetnaden til reiselivet i Hardanger skjer i perioden juni – august. Det gjer at dei slik ordning kan vera til stor verdi i byar og vinterdestinasjonar, men er til liten eller inga hjelp for sesongutsatte bedrifter. Det får Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune, til å reagera.
– Me kan ikkje ha det slik at reiselivet i distrikta vert fråskote midlar frå krisepakka medan bynære hotell får utteljing. Det er heilt urimeleg, seier ordføraren og fortsetter:
– Hardanger, som reiselivsikon, er eit sterkt merkenamn for heile Noreg. Bløminga, fjordlandskapet, Hardangervidda, Folgefonna og ikkje minst Trolltunga sel heile Noreg. Såleis skapar desse ikona store inntekter for bynære strøk, flyplassar og reiseliv generelt sett i Noreg på bakgrunn av naturen i Hardanger, forklarar Aga Haug i ei pressemelding.
Lite treffande
Kjetil R. Widding driftar Utne Hotel saman med kona Bente. Sesongen til hotellet, som er det eldste freda trehotellet i Noreg, byrjar i mai. Tiltakspakken er med andre ord lite treffande for dei.
– For vår del er det mange kostnader knytt til planlegging, marknadsføring og rigging av sesongen i fyrste halvår. Inntektene kjem ikkje inn før i slutten av mai og utover. Dette er ei stor utfordring for oss, seier Widding.
Må forlengast
På grunn av koronaviruset, er det svært usikkert når folk kan reisa att. Sjølv med fleire Nordmenn som potensielt ferierer i eiga land denne sommaren, vil det ikkje kompensera for dei tapte inntektene frå den utanlandske marknaden som utgjer majoriteten av hotellovernattingar i Hardanger. Skogseth i Visit Hardangerfjord håpar no at regjeringa forlenger tiltakspakken til å vara ut 2020 for å redda reiselivsnæringa i distriktet.
– Dersom dei ikkje gjer det, vil det vera svært kritisk for reiselivet. Ikkje berre i Hardanger, men for alle typiske destinasjonar med ein stor andel bedrifter som baserer drifta si på sommarsesongen, avsluttar Skogseth.
Nøkkelord
Kontakter
Andreas Skogseth, reiselivsdirektør, Visit Hardangerfjord
Tlf: +47 926 64 894
Bilder



Om Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg.
Følg pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Visit Hardangerfjord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Dårlig vintersesong kan redde sommeren30.4.2020 10:37:08 CEST | Pressemelding
Sommerskisenteret på Folgefonna blir nedringt av nordmenn som savner å ha ski på beina. Det lover godt før sesongåpningen på fredag.
Reiselivet i Hardanger tapar millionar27.3.2020 06:30:00 CET | Pressemelding
Næringa er hardt ramma av koronapandemien. Heile 97 prosent av reiselivet i regionen tapar pengar som fylgje av viruset.
Lanserer suksess-konsept i Hardanger14.6.2019 12:05:10 CEST | Pressemelding
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.
Telenor aukar tryggleiken på Folgefonna12.4.2019 11:54:52 CEST | Pressemelding
Telenor har fått på plass 4G dekning på Fonna. Aktørar på og rundt breen er svært nøgde med etableringa.
Her er det flere meter snø5.4.2019 07:30:00 CEST | Pressemelding
Mens andre skisentre fortviler over mangel på snø, jobber Fonna Glacier Ski Resort på spreng for å grave fram veien til skisenteret. Heisen på Folgefonna åpner allerede til påske.