
Telenor aukar tryggleiken på Folgefonna

– Stadig fleire vitjar breen, og ikkje alle skjønar kva som er farleg og ikkje. Difor er det kjempebra for tryggleiken at me no får 4G så folk kan be om hjelp dersom dei ikkje er med guide og treng hjelp, seier Åsmund Bakke, dagleg leiar hjå Folgefonni Breførarlag.
Har vore eit sakn
Bakke og kollegaene har dei siste 25 åra lagt fleire tusen timar bak seg på isbreen Folgefonna. Fram til no har dei nytta seg av alternative kommunikasjonsformer som blant anna satellitt-telefonar og sikringsradio. No ser han fram til også å kunna bruka mobiltelefonen dersom det trengs når han losar turistar i eit brelandskap som stadig er i endring.
– Dette gjer det langt lettare for oss. Me har sakna god telefondekning, så ingenting er betre enn at me no får 4G, seier breføraren i ei pressemelding.
Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, er glad for å kunna hjelpa Folgefonni Breførarlag og Fonna Glacier Ski Resort med betre dekning på breen.
– Telenor har dei siste åra gjort ei betydeleg modernisering av basestasjonane i mobilnettet og syrgja for 4G-dekniing til dei aller fleste der dei bur. Heile dette oppgraderingsprosjektet viser kor viktig dette er for folk flest. Å ha mobildekning der ein ferdast, er svært viktig for våre kundar, seier Amundsen.
Stor trafikk
Ifylgje dekningsdirektøren ser Telenor ei auking i datatrafikken rundt ferieområder og attraksjonar i ferieperiodar, og det er ikkje mange dagar til det nettopp er ein ferieperiode. Påsken er rett rundt hjørnet, og der andre skisenter fortviler over mangelen på snø, er ikkje dette tilfelle på Folgefonna.
Michael Iversen, dagleg leiar på Fonna Glacier Ski Resort, har dei siste vekene jobba på spreng med å brøyta vegen og startar heisen på breen allereie i morgon. Det er han som har stått på for å ha 4G-dekninga på plass til påskeopninga.
– Me har om lag åtte meter snø og svært gode skiforhold. Når me no får 4G-dekning i tillegg, ligg alt til rette for ein kanonpåske på Fonna, seier Iversen og legg til:
– Me ventar svært mange vitjande, så i høve opninga og betre mobilnett, har me fått på plass vårt eige Snapchat-filter, fortel ein nøgd Iversen.
Viktig marknadsføring
Andreas Skogseth har sjølv vore dagleg leiar for Fonna Glacier Ski Resort, men no er han reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord. Også han føyer seg inn i rekka over personar som er glade for betre dekning på Folgefonna. Ifylgje direktøren er dette gull verdt i marknadsføringa av Hardanger.
– Noko av den viktigaste marknadsføringa reiselivet får, er via turistane sjølve i form av deling på sosiale medier. Dette, kombinert med at det no er billigare for utanlandske turistar å bruka mobildata i Noreg, gjer at me vert mykje meir tilgjengelege. Bilete og videoar er ferskvarer som både me og brukarane ynskjer å få ut så fort som mogeleg.
Nøkkelord
Kontakter
Michael Iversen - Fonna Glacier Ski Resort - 976 78 489
Åsmund Bakke - Folgefonni Breførarlag - 472 92 594
Andreas SkogsethReiselivsdirektør
Tel:+47 926 64 894andreas@hardangerfjord.comBilder





Om Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord is the official tourist board of the Hardangerfjord region.
Fonna Glacier Ski Resort is a summer ski resort located in Jondal, Hardanger.
Følg pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Visit Hardangerfjord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Dårlig vintersesong kan redde sommeren30.4.2020 10:37:08 CEST | Pressemelding
Sommerskisenteret på Folgefonna blir nedringt av nordmenn som savner å ha ski på beina. Det lover godt før sesongåpningen på fredag.
Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger3.4.2020 14:40:46 CEST | Pressemelding
Kompensasjonsordninga til regjeringa treff ikkje dei sesongutsatte reiselivsbedriftene i Hardanger. No etterlyser dei ytterligare grep for å unngå konkursar.
Reiselivet i Hardanger tapar millionar27.3.2020 06:30:00 CET | Pressemelding
Næringa er hardt ramma av koronapandemien. Heile 97 prosent av reiselivet i regionen tapar pengar som fylgje av viruset.
Lanserer suksess-konsept i Hardanger14.6.2019 12:05:10 CEST | Pressemelding
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.
Her er det flere meter snø5.4.2019 07:30:00 CEST | Pressemelding
Mens andre skisentre fortviler over mangel på snø, jobber Fonna Glacier Ski Resort på spreng for å grave fram veien til skisenteret. Heisen på Folgefonna åpner allerede til påske.