
Reiselivet i Hardanger tapar millionar

– Dette er ein veldig vanskeleg og krevjande situasjon der mange må ty til permitteringar og stenga ned drifta, seier Andreas Skogseth, reiselivsdirektør i Visit Hardangerfjord.
Brutale tider
Han og kollegaene i destinasjonsselskapet gjennomførte nyleg ei undersøking blant medlemsbedriftene sine. Totalt 35 ulike verksemder svarte på undersøkinga. Der kjem det fram at reiselivet i regionen verkeleg blør for tida:
- 97 prosent tapar pengar som fylgje av viruset
- Dei 35 bedriftene har fått avbestillingar og kanselleringar for om lag 60 millionar kroner fram til no
- 64 prosent har permittert tilsette
Over halvparten har over 75 prosent færre bookingar enn på same tidspunkt i fjor. Held dette fram, vil tapet for desse 35 verksemdene ligga på godt over 100 millionar kroner berre i sommar.
– Dette er svært alvorleg. Reiselivet i Hardanger har ein omsetnad på godt over 1 milliard kroner og sysselset over 1.300 personar. Dette gjer reiselivet til blant dei viktigaste næringane i regionen, opplyser Skogseth i ei pressemelding.
Ynskjer fleire tiltak
Regjeringa har lansert tiltak som avgiftsreduksjonar, betalingsutsetjingar og kriselån, men det er ikkje nok, fryktar reiselivsdirektøren. Han viser til at mykje av inntektsgrunnlaget for årets sesong er borte, samstundes som 2021 kan verta utfordrande med tanke på etterspurnad og gjenoppbygging av næringa. No håpar han på fleire sterke tiltak og hjelpande hender frå regjeringa.
– Direkte likviditetsstønad er kritisk naudsynt for å unngå konkursar og ei tilbakesatt reiselivsnæring som det vil ta lang tid å bygga opp igjen. Mange av aktørane er hjørnesteinsverksemder i lokalsamfunna, og eventuelle konkursar vil gje store negative ringverknader i lang tid framover.
Fokuserer på nordmenn i marknadsføringa
Destinasjonsselskapet har sjølv gjort fleire grep for å tilpassa seg den uheldige situasjonen. Blant anna jobbar dei aktivt med å nå ut til fleire nordmenn på sosiale medier og andre digitale flatar. Denne kundegruppa vert veldig viktig når reiselivet opnar dørene igjen.
– Me reknar med at det Norske folk kjem til å feriera i eige land framover, og no sit dei heime og drøymer seg bort. Difor legg me ut mykje innhald på blant anna sosiale medier.
Visit Hardangerfjord har faktisk sett ein auka aktivitet på Instagram og Facebook dei siste vekene, og brorparten av desse brukarane er nordmenn. Skogseth oppmodar difor innbyggjarane i Hardanger om å visa fram regionen på sosiale medier framover.
– Bli med på den store dugnaden og ta i bruk det lokale næringslivet. Dei er heilt avhengige av all den støtta dei kan få, avsluttar han.
Nøkkelord
Kontakter
Reiselivsdirektør Andreas Skogseth
+47 926 64 894
Bilder



Om Visit Hardangerfjord
Visit Hardangerfjord er eit destinasjonsselskap som marknadsfører Hardanger-regionen med kommunane Kvam, Eidfjord, Ulvik, Ullensvang og Kvinnherad. Vår misjon er å visa fram og korta ned avstanden til den desidert mest spanande regionen i Noreg.
Følg pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Visit Hardangerfjord på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Visit Hardangerfjord
Dårlig vintersesong kan redde sommeren30.4.2020 10:37:08 CEST | Pressemelding
Sommerskisenteret på Folgefonna blir nedringt av nordmenn som savner å ha ski på beina. Det lover godt før sesongåpningen på fredag.
Regjeringa sin redningspakke reddar ikkje reiselivet i Hardanger3.4.2020 14:40:46 CEST | Pressemelding
Kompensasjonsordninga til regjeringa treff ikkje dei sesongutsatte reiselivsbedriftene i Hardanger. No etterlyser dei ytterligare grep for å unngå konkursar.
Lanserer suksess-konsept i Hardanger14.6.2019 12:05:10 CEST | Pressemelding
No kan du kjøpa Travel like the locals-turar i Hardanger. Konseptet gjer det lettare for turistar å reisa rundt med offentleg transport i regionen.
Telenor aukar tryggleiken på Folgefonna12.4.2019 11:54:52 CEST | Pressemelding
Telenor har fått på plass 4G dekning på Fonna. Aktørar på og rundt breen er svært nøgde med etableringa.
Her er det flere meter snø5.4.2019 07:30:00 CEST | Pressemelding
Mens andre skisentre fortviler over mangel på snø, jobber Fonna Glacier Ski Resort på spreng for å grave fram veien til skisenteret. Heisen på Folgefonna åpner allerede til påske.