Bergensbanen får nytt tak mot snøen
Då Bergensbanen stod ferdig i 1907, vart det klart for jernbanefolket at dei ikkje kunne halde banen fri for snø utan solide tak og veggar på dei mest utsette strekningane. Banen over Hardangervidda har i dag 11 kilometer med snøoverbygg, for det meste eldre trebygg.
– Me jobbar systematisk med å skifte ut dei eldste bygga. Nye stålbygg er meir solide, krev mindre vedlikehald og er sikrare mot brann, fortel prosjektleiar Karl Morten Undal. Dei nye bygga får dessutan vindauge slik at passasjerane kan sjå ut på Hardangervidda.
Skanning og skreddarsaum
I 2017 vart 120 meter snøoverbygg fornya, og prosjektet samla mykje erfaring om korleis ein kan bygge effektivt i den korte sesongen frå mai til november på høgfjellet. I fjor auka dei til nær 250 meter, og i år er 330 meter bygg snart fullført.
Bygga som vert fornya i år, vart skanna med drone i fjor for å vite nøyaktig kor mange fundament og kor mykje stål det var bruk for. Samstundes vart fjellsida over bygget sikra, slik at rivinga kunne starte så snart våren kom. Tilsvarande arbeid er no i gang for bygga som skal rivast og skiftast ut neste år. Nyleg forlenga Bane NOR avtalen med entreprenøren Mesta med eitt år.
Vêret styrer
Reisverket og stålplatene til tak og veggar kom på 27 vogntog frå Romania til Haugastøl stasjon. Derifrå vart alt frakta opp på fjellet med tog, sidan strekninga ikkje har vegsamband. For at togtrafikken skal gå som normalt, jobbar rallarane om natta. På det meste har over 50 mann vore i sving samstundes.
– Jobben er annleis enn alle andre, me er liksom fråkopla resten av verda. For ein som trivst på fjellet er det midt i blinken, men det kan vere tøffe tak. Sist søndag var me kliss våte etter ein time. Vinden ruska så kraftig i stålplatene at me måtte avbryte all løfting av omsyn til tryggleiken, fortel Rune Vikøren i Mesta.
I slutten av oktober er sesongen slutt for i år, og bygget må vere tett. Byggjeleiar Jon-Anders Hefte stadfestar at prosjektet er i rute.
Fakta: Snøoverbygg på Bergensbanen
- Totalt 11 kilometer
- Tre ulike bygg på totalt 330 meter er fornya i 2019
- Takplatene er av 9 mm stål, 8 meter lange og veg 80 kilo
- Snøoverbygga får vindauge og dører og vert breiare enn dei gamle trebygga
- Mesta har vore entreprenør i tre år og held fram i 2020
- Arbeidet vert gjort mellom togavgangane på nattestid
- Prosjektet har eit budsjett på 75 millionar kroner per år
Nøkkelord
Kontakter
Ingunn Halvorsen, Kommunikasjonsleiar i Bane NOR, Område Sør–Vest, 970 89 209, ingunn.halvorsen@banenor.no
Bilder

Lenker
Om Bane NOR
Bane NOR er et statlig foretak med ansvar for den nasjonale jernbaneinfrastrukturen.
Foretaket har ansvaret for planlegging, utbygging, forvaltning, drift og vedlikehold av det nasjonale jernbanenettet, trafikkstyring og forvaltning og utvikling av jernbaneeiendom. Bane NOR har det operative koordineringsansvaret for sikkerhetsarbeidet og operativt ansvar for samordning av beredskap og krisehåndtering.
Bane NOR har om lag 3.500 ansatte og har hovedkontor i Oslo.
Følg pressemeldinger fra Bane NOR
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Bane NOR på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Bane NOR
Advarer mot ski i sporet11.4.2025 11:11:44 CEST | Pressemelding
Ferdsel i jernbanespor er livsfarlig og ulovlig, og påsken er høysesong. Bane NOR advarer på det sterkeste påsketuristene.
Bråkete tog skal skremme elgen ut av sporet10.3.2025 12:04:53 CET | Pressemelding
Forskning tyder på at riktig lyd kan skremme hjortedyr vekk fra jernbanesporet så de ikke blir påkjørt av toget. Nå tester Bane NOR og forskere hvilke lyder som virker best når de spilles av fra tog i fart.
Vedlikeholder jernbanen i påsken5.3.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Færre tar toget når det er påske og helligdager. Da bruker Bane NOR anledningen til å utføre nødvendig vedlikeholdsarbeid på slitt infrastruktur. Og når togstrekninger stenges, må passasjerene reise med buss.
Thor Gjermund Eriksen slutter som konsernsjef i Bane NOR27.2.2025 08:57:04 CET | Pressemelding
Thor Gjermund Eriksen har sagt opp sin stilling som konsernsjef i Bane NOR. Jon-Erik Lunøe er konstituert som ny konsernsjef fra 27. februar.
Telia-sjef Stein-Erik Vellan blir ny konserndirektør i Bane NOR30.1.2025 07:10:00 CET | Pressemelding
Vellan kommer fra stillingen som administrerende direktør i Telia Norge, og tar over ansvaret for den digitale utviklingen i Bane NOR.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom