Blått svev - Hildegun Riise les dikt av Jon Fosse til nykomponert musikk

I 2019 fyller Jon Fosse seksti år. Det er også tjuefem år sidan han debuterte som dramatikar og trettiseks år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart i 1983. I jubileumsåret vert diktarskapen hans heidra både i inn- og utland. Jon Fosse skriv innanfor eit breitt spekter av sjangrar; romanar, teaterstykke, dikt, barnebøker, essay og kortprosa. Likevel er det som om alt heng saman på sitt eige, finstemte vis.
Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur, som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske.
Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda.
Tekstutvalet til denne utgjevinga er det Hildegun Riise som står for. Ho har valt dikt som lenge har vore som skattar for henne, men òg tekstar som har festa seg i henne gjennom denne innspelinga; dikt som er fylte med kjærleik og lys, einsemd, død og trøyst. Med andre ord dikt som set ord på noko djupt universelt og menneskeleg.
Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det så å seia språklause. Hardingfelespelar og komponist Benedicte Maurseth og gitarist og komponist Stein Urheim er ansvarlege for nye musikalske tolkingar og komposisjonar til Fosses poesi.
Alle tre har òg tidlegare arbeidd med hans mangslungne tekstunivers.
Utgjevinga vert lansert med framsyningar på Det Norske Teatret, Fossedagane og Litteraturhuset i Bergen.
Framsyningar:
17. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
18. September – Det Norske Teatret Scene 2, Oslo
21. September – Fossedagane, Strandebarm
26. September – Litteraturhuset, Bergen
Kontakter
Andreas Risanger Meland - andreas@grappa.no / 41419089
Bilder
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Tiril Heide-Steen med oppløftende norsk versjon av Irving Berlin sin "Isn´t This A Lovely Day"6.6.2025 09:15:00 CEST | Pressemelding
"Denne dagen er perfekt" er ute i dag og er andre singel ut fra Tiril Heide-Steen sitt kommende album, det hun gir nytt liv til jazzklassikere i norsk språkdrakt.
Iris Caltwait slipper elektrisk indiepop-anthem - "Spring Rush (a hot platonic subatomic crush)" er ute i dag!6.6.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
“Are you ready for the spring rush?” spør Iris Caltwait i sin nyeste låt, og leverer et rungende ja i form av lekne synther, et catchy gitarriff og tekstlinjer som danser mellom det poetiske og det herlig absurde. “Spring Rush (a hot platonic subatomic crush)” er et dristig og lekent indiepop-anthem som garantert setter seg på hjernen - og blir der hele sommeren.
bob junior samler vennegjengen igjen - det nye albumet "friends, vol. 2" er ute i dag!23.5.2025 10:04:44 CEST | Pressemelding
Med friends, vol. 2 viser bob junior nye sider av sitt kreative univers – og gjør seg klar for sin første turné som support for Kakkmaddafakka i høst.
Strengemagi på Geir Sundstøls nye album "Sakte Film"23.5.2025 09:15:00 CEST | Pressemelding
I dag er Geir Sundstøl ute med sitt nye album Sakte Film. Lytteren svever hit og dit gjennom et lydlandskap med enda videre vidder enn før. Sundstøls sjette soloalbum på Hubro markerer også tiårsjubileet hans som soloartist.
Geir Sundstøl Unveils His Poetic and Atmospheric New Album "Sakte Film"23.5.2025 09:15:00 CEST | Press release
Listeners will drift through soundscapes with even greater expanses than before as Geir Sundstøl releases his new album, Sakte Film, which is out today. This marks Sundstøl’s sixth solo album on Hubro and his tenth anniversary as a solo artist.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom