Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Stødna kraftverk

Del
NVE gir Stødna Kraft AS løyve til å bygge Stødna kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket skal byggast etter redusert alternativ med inntak nedanfor Stødnafossen. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 3,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 185 husstandar.

Stødna Kraft AS har fremma to alternativ for bygging av Stødna kraftverk. Hovudalternativet vil fjerne vatn frå hovudfallet i Stødnafossen, og NVE meiner at dei negative konsekvensane for landskapet er for store til at kraftverket kan få konsesjon.

Det konsesjonsgitte reduserte alternativet skal nytte ei fallhøgd på 131 m med inntak under Stødnafossen på kote 139 og kraftstasjon på kote 8. Driftsvatnet skal førast i tunnel gjennom ein fjellrygg like ved inntaket, og vidare gå i nedgraven røyrgate.

Det kan gå anadrom fisk på ein strekning av elva oppstraums kraftstasjon, men fordi elva jamleg tørkar ut har strekninga inga reell verdi for anadrom fisk. NVE meiner at inngrepa i samband med bygging av inntak og røyrgate kan aksepterast så lenge dei vert skånsamt utført.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Stødna kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Stødna kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Stødna kraftverk på NVEs nettstad.

Kontaktpersonar:
Overingeniør Marianne Bismo, tlf. 22 95 97 08
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye