Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Kløftbrua kraftverk i Rennebu kommune

Del
NVE gir Kløftbrua kraft AS løyve til å bygge Kløftbrua kraftverk. Prosjektet ligg i Rennebu kommune i Sør-Trøndelag. Vasskraftverket vil få en årleg produksjon på omlag 14,2 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til rundt 710 husstandar.

Kløftbrua kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 56 meter mellom eit inntak på 405 moh og ein kraftstasjon på 349 moh. Vatnet skal førast 1300 meter i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til dei raudlista artane oter og strandsnipe og til naturtypen bekkekløft. NVE meiner at omsynet til raudlisteartane og naturtypen kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Kløftbrua kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av i Kløftbrua kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Kløftbrua kraftverk.

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Rådgiver Tor Carlsen, tlf. 22 95 93 93

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye