Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Neta kraftverk

Del
NVE gir Neta Kraftverk DA løyve til å bygge Neta kraftverk i Stor-Elvdal kommune i Hedmark. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

Neta kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 250 meter i elva Neta, med inntak på omlag kote 550. Kraftstasjonen er planlagt på omlag kote 300. Vatnet skal førast i nedgrave røyr heile vegen frå inntaket og ned til kraftstasjonen.

Den viktigaste problemstillinga i saka er slik NVE ser det, omsynet til den raudlista og fuktkrevjande arten trådragg og naturtypen bekkekløft. Det er òg grunnen til at Fylkesmannen i Hedmark går imot utbygginga. Alle dei andre høyringspartane meiner at ei utbygging av Neta kan gjennomførast. NVE meiner at omsynet til raudlistearten og naturtypen kan ivaretakast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring.

NVE vurderer at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast, sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Neta Kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gitt løyve til bygging av Neta Kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Neta kraftverk.

Kontaktpersonar:
Overingeniør Kirsten Martinsen, tlf. 22 95 92 34
Seksjonsleiar Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye