Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Nivla kraftverk

Del
NVE gjev Nivla Kraft AS (SUS) løyve til å bygge Nivla kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Vassverket vil få ein årleg produksjon på omlag 10,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 525 husstandar.

Nivla kraftverk vil etter justerte planar nytte ei fallhøgd på 183 m, med inntak på kote 388 og kraftstasjon på kote 205. Vatnet vil gå i nedgraven røyrgate det meste av strekninga, og i tunnel gjennom ein knaus nær inntaket.

NVE har sett vilkår om at utlaupet frå kraftstasjonen ikkje skal ligge lågare enn botnen av Vassinntaksfossen. Med installert omlaupsventil i kraftstasjonen vil kraftverket i minst mogleg grad få negative konsekvensar for anadrom strekning i Nivla.

Det finst fleire naturtypar langs Nivla. NVE meiner at med tilstrekkeleg minstevassføring og skånsam framføring av røyrgate, så har kraftverket akseptable konsekvensar for naturtypane. NVE meiner vidare at kraftverket vil ha akseptable negative konsekvensar for landskap og kulturminne, så lenge det vert fastsatt eit krav om minstevassføring som tek i vare nokon av verdiane knytt til desse interessene.

NVE har vurdert at med visse tilpassingar vil tiltaket ikkje medføre vesentlege ulemper for allmenna. Kraftverket vil gje omlag 10,5 GWh i ny fornybar energiproduksjon. NVE har på bakgrunn av dette gjeve Nivla Kraft AS løyve til bygging av Nivla kraftverk på nærare fastsette vilkår.

Les meir om Nivla kraftverk.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Overingeniør Marianne Bismo, tlf. 22 95 97 08

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye