
Investerte for tre milliardar i 2017

- Vi har hatt høg aktivitet gjennom året og har levert like gode resultat som i fjor, med færre tilsette. Forsvarsbygg bidrog godt til å byggje forsvarsevne i 2017 . I det kommande året skal vi rigge oss ytterlegare for å levere på ambisjonane om auka kampkraft og berekraft i forsvarssektoren, seier Thorbjørn Thoresen, direktør for Forsvarsbygg.
Dei store tala for 2017
Forsvarsbygg forvalta 13 096 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1228 årsverk. Det vart investert for om lag tre milliardar kroner. Vi hadde 394 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og 35 byggeprosjekt vart ferdigstilt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse og ein omsetning på 8,5 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.
I front på miljø
Det grøne skiftet er ein realitet og held fram i Forsvarsbygg. I perioden 2012 – 2016 minska vi energiforbruket med 136 GWh gjennom eit eige program for energieffektivisering. I 2017 heldt reduksjonen fram med ytterlegare 9,3 GWh. Totalt har vi sidan 2012 redusert energiforbruket tilsvarande det gjennomsnittlege årsforbruket til om lag 7 200 norske husstandar.
3,8 millionar vitja festningane
3,8 millionar personer vitja ein av festningane til Forsvarsbygg i 2017 . Dette er ny rekord og ein auke på 160 000 frå 2016 .
671 millionar kroner ført attende til forsvarssektoren
Forsvarsbygg avhenda totalt 36 075 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2017 . Det vart selt forsvarseigedom for 705 millionar kroner. Myntgata 2 kvartalet i Oslo var det største salet.
Sidan 2001 har vi avhenda over 2,9 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 4,5 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.
Driftskostnader
Dei totale driftskostnadene til Forsvarsbygg var 7,8 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 70 prosent av dette.
Aukande sal av rådgjeving
Våre rådgjevarar innan vern og sikring av eigedom, bygg og anlegg, kulturminneforvalting og avhending av offentleg eigedom sit på leiande kompetanse i Noreg. I 2017 kom denne kompetansen forsvarssektoren og samfunnet for øvrig til gode gjennom til saman 133 150 selte timar.
Nøkkelord
Kontakter
Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no
Bilder

Lenker
Om Forsvarsbygg
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.
Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Ørland: Husdyrhald i raud støysone kan førast vidare17.9.2019 13:21:23 CEST | Pressemelding
Husdyrundersøkinga for storfe konkluderer med at kampflyas visuelle effekt har betyding, og at det er nødvendig med individuelle vurderingar av besetningane. Tiltak for å auke dyrevelferda blir anbefalt.
Ny moderne forlegning på Kolsås4.4.2019 13:26:15 CEST | Pressemelding
Soldater som før bodde spredt, og til dels utenfor leiren, blir nå samlet under ett tak i et helt nytt bygg.
Støymålinger og flygetraseer på Ørland29.3.2019 10:42:22 CET | Pressemelding
Resultatene viser fortsatt bra samsvar mellom målinger og beregninger. I tillegg viser registrering av flygetraseer at 65 % av avgangene har sving mot vest i siste periode.
Viktig samhandlingsavtale på plass for Andøya22.3.2019 08:44:38 CET | Pressemelding
Skal gi forutsigbarhet og gode rammer for det videre samarbeidet
Evenes – stor kontrakt til Harstad Maskin28.2.2019 14:13:20 CET | Pressemelding
Oppbyggingen av Forsvarets nye flystasjon på Evenes går over i en ny fase. Harstad Maskin har underskrevet en anleggskontrakt på infrastruktur i størrelse på vel 184 millioner kroner inkl. mva.