Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE arrangerer folkemøte om konsesjonssøknad for Kobbvatnet transformatorstasjon og omlegging av leidningar, Sørfold kommune, Nordland

Del
Folkemøtet om planane vert arrangert på Kobbelv Vertshus onsdag 10. mai kl. 19.00.

Statnett fekk i 2013 og 2015 konsesjon for å utvide eksisterande transformatorstasjon ved Kobbelv. Etter nærare vurderingar har Statnett funne at denne plasseringa vil krevje betydelig sikring mot ras og blir for kostbar. Dei søkjer derfor i staden om å byggje ny stasjon kalla Kobbvatnet transformatorstasjon, ca. 2 km nord for dagens Kobbelv stasjon.

Statnett søker óg om å byggje om eksisterande 420 kV-leidningar slik at dei går inn til den nye stasjonen, blant anna å byggje ein ca. 1,9 km lang ny leidning på fjellet øst for Kobbelv kraftverk til planlagde Kobbvatnet transformatorstasjon. Eksisterande leidning på strekningen rives.

Samtidig med konsesjonane til Statnett blei det gjeve konsesjon til Nord-Salten Kraft AS for å byggje ein ny 132 kV kraftleidning frå Gjerelvmo transformatorstasjon til Kobbelv transformatorstasjon. Nord-Salten Kraft AS søkjer om to traséalternativ med lengde på 0,4 og 0,5 km frå Gjerelvmo transformatorstasjon til planlagde Kobbvatnet transformatorstasjon. Nord-Salten Kraft søkjer også om å installere ny transformator og spole i Gjerelvmo transformatorstasjon.

Bakgrunnen for søknadene er å styrke forsyningssikkerheiten til Nord-Salten Kraft sitt forsyningsområde. Dagens nett har ikkje tilstrekkeleg kapasitet til å mate ny produksjon inn på sentralnettet, men dei planlagde tiltaka vil gjere det mogelig å realisere ny produksjon i området.

Folkemøtet om planane vert arrangert på Kobbelv Vertshus onsdag 10. mai kl. 19.00. På møtet vil Statnett og Nord-Salten Kraft presentere planane i konsesjonssøknaden, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane er tilgjengelege elektronisk.

Statnett sin søknad finn du her,

Nord-Salten Kraft sin søknad her

Høyringsfrist er 20. juni 2017.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye