Samferdselsdepartementet

Reserveferje E39 Mortavika - Arsvågen og E39 Halhjem - Sandvikvåg på plass frå måndag

Del
På ferjesambanda E39 Mortavika - Arsvågen og E39 Halhjem - Sandvikvåg vert det allereie frå måndag 16. januar sett inn reserveferje.

Ferja som vert sett inn er MF Sulafjord frå Fjord 1 (som er brukt i sambandet Moss-Horten). Ordninga gjeld ut februar, og Statens vegvesen er i arbeid med løysing for resten av perioden med noverande ferjekontrakt, som er ut 2018.

Reserverferja skal settast inn når dei ordinære ferjene er på verkstad eller ferjer er ute av drift av andre årsaker. Planlagde verkstadopphald i 2017 vil gjelde desse periodane:

  • MF Fanafjord, 2, januar- 20. januar (Halhjem – Sandvikvåg)
  • MF Raunefjord 23. januar - 9. februar (Halhjem – Sandvikvåg)
  • MF Mastrafjord 13. februar - 24. februar (Mortavika – Arsvågen)

 - Eg er glad for at denne løysinga med reserveferje kjem på plass så raskt, slik at passasjerane slepp å sitje i kø på grunn av redusert ferjekapasitet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Frå 1. januar 2019 gjeld ein ny kontrakt. Då vil det vere fire ferjer som trafikkerer sambandet Mortavika - Arsvågen. Sjølv om vi no har byrja å løyve midlar for å bygge Rogfast, kan vi ikkje leve med kø og for låg kapasitet i mange år framover, seier Solvik-Olsen.

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye