Stiftelsen Norsk Mat

Den beste lokalmaten heidra på Matstreif

Del
- Her har eg tre stolte matprodusentar som kombinerer nytenking med norske mattradisjonar. Resultatet er knallgod mat, som kvalifiserer seg som Spesialitetar, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han delte ut Spesialitet-merket for unik smak til Salma, Avdem Gardsysteri og Stølsvidda.
Fra venstre: Sigurd Avdem og Åse Haugstad (Avdem Gårsdsysteri), Statsråd Jon Georg Dale, Tine Hammernes Leopold (Salma), Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk (Stølsvidda), Nina Sundqvist (Adm dir Matmerk)
Fra venstre: Sigurd Avdem og Åse Haugstad (Avdem Gårsdsysteri), Statsråd Jon Georg Dale, Tine Hammernes Leopold (Salma), Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk (Stølsvidda), Nina Sundqvist (Adm dir Matmerk)

Prim og Huldreost frå Avdem Gardysteri, Laks frå Salma og Fjellgris frå Stølsvidda vart heidra med Spesialitet-merket. Kva for mat- og drikkevarer som kjem gjennom nålauget blir bestemt av ein uavhengig fagjury leia av fylkesmann Lars Sponheim. Fagjuryen vurderer grundig kvalitet og smak før dei tildeler Spesialitet.

-  For oss matglade er det flott at vi har ei merkeordning som synleggjer den beste lokalmaten i Noreg. Spesialitet-merket viser fram kvaliteten og handverket bak produkta, og bidreg til å auke lønsemda for produsenten. Merket blir delt ut til produkt som har ein unik smak og ei historie som gjer dei til noko spesielt, sa landbruks- og matministeren.

-  Det er viktig at forbrukarane finn fram til norske matspesialitetar. Skal vi nå målet om å omsetje lokal mat- og drikke for 10 milliardar, ja då treng ein vegvisarar som Spesialitet-merket, seier adm. dir.  Nina Sundqvist i Matmerk.

Prim og Huldreost frå Avdem Gardsysteri

Huldreost er ein brunost etter eiga oppskrift utvikla av Avdem Gardysteri, og er ein spennande variant av norsk tradisjonell brunost med unik smaksoppleving. Prim frå Avdem er ein klassisk handlaga prim, med ekte og naturleg smak og konsistens. Matspesialitetane er begge basert på råvarer frå eigen gard.

Fjellgris frå Valdres frå Stølsvidda

Fjellgrisen lever eit fritt liv 1000 meter over havet. Ved å gå i fjellet utviklar grisen store musklar. Den veks saktare enn innegris, og blir ofte slakta seinare enn andre grisar. Grisen får spesialfôr, og et både gras, lyng og einer på fjellet. Kombinasjonen gir eit ekstra smakfullt og mørt kjøt. Fagjuryen konkluderte med at kjøtet hadde topp kvalitet og var saftig med nydeleg smak.

Laks frå Salma

SALMA baserer seg på mykje handverk. Fisken må gjennom ein manuell utveljingsprosess og kvar filet blir skjært ut for hand.  Alle ledd av produksjonen går føre seg i Bømlo, frå utklekking av rogn til ferdig produkt i butikken. Dei brukar også ein helt eigenarta slaktemetode: «Kald-fisk»-metoden.

Kontakter

For meir informasjon, kontakt:
• Nina Sundqvist, adm. dir i Matmerk, tlf: 917 85 620
• Tine Hammernes Leopold, adm.dir Salmon Brands AS, tlf: 920 11 432
• Åse Haugstad, Avdem Gardsysteri, tlf: 477 57 553
• Knut Ødegaard, daglig leder i Stølsvidda AS, tlf: 911 44 997

Bilder

Fra venstre: Sigurd Avdem og Åse Haugstad (Avdem Gårsdsysteri), Statsråd Jon Georg Dale, Tine Hammernes Leopold (Salma), Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk (Stølsvidda), Nina Sundqvist (Adm dir Matmerk)
Fra venstre: Sigurd Avdem og Åse Haugstad (Avdem Gårsdsysteri), Statsråd Jon Georg Dale, Tine Hammernes Leopold (Salma), Knut Ødegaard og Ragnhild Mobæk (Stølsvidda), Nina Sundqvist (Adm dir Matmerk)
Last ned bilde

Om Stiftelsen Norsk Mat

Stiftelsen Norsk Mat
Stiftelsen Norsk Mat
Tollbugt. 32
0157 Oslo

24 14 83 00http://www.stiftelsennorskmat.no

Spesialitet-merket er et informasjonsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på de beste lokale råvarene, særegne lokale oppskrifter og laget av stolte fagfolk.

Følg pressemeldinger fra Stiftelsen Norsk Mat

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Stiftelsen Norsk Mat på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Stiftelsen Norsk Mat

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye