Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gjev løyve til Aspevik kraftverk

Del
NVE gjev Fjellkraft Aspevikelva DA SuS løyve til å byggje Aspevik kraftverk i Narvik kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg fornybar produksjon på om lag 15 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 750 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på om lag 700 meter og endre vassføringa på ei 2500 meter lang strekning i Mølnelva i Skjomen.

Utbygging vil medføre nokre negative verknader for landskaps- og friluftsverdiar, men NVE meiner det vil vere mogleg å avbøte dei negative verknadene. Det er gjeve løyve mellom anna på vilkår av at vassvegen førast i fjell frå kote 300-350 til inntaket på kote 700. Det er og ein føresetnad at inntaket vert bygd veglaust.

For å bøte på verknadane for det biologiske mangfaldet skal det sleppas minstevassføring heile året.

Vidare meiner vi at omsynet til reindrifta kan tryggjast med krav om vassveg i fjell og god dialog under planleggings- og anleggsperioden.

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gir derfor løyve til bygging av Aspevik kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216
Rådgiver Lars Midttun, tlf. 22 95 91 77

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye