Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Fjellbekken kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Fjellbekken kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. NVE meiner at skadane og ulempene for dei ålmenne interessene er større enn fordelane ved ei bygging av kraftverket.

Kårøyan Kraft AS har søkt NVE om løyve til å bygge Fjellbekken kraftverk i Fjellbekken i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Dei planla ein årleg produksjon på omlag 7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.

Ei bygging av kraftverket vil medføre svært store og omfattande inngrep i eit landskap som i dag framstår som tilnærma urøyrt. I tillegg vil det påverke ei bekkekløft med svært viktig verdi. Tiltaket vil medføre sterkt redusert vassføring i Fjelna og NVE meiner dette på sikt kan føre til store endringar i bekkeklyftens økosystem.

I den samla vurderinga legg NVE vekt på at Fjellbekken kraftverk inneber eit inngrep med betydelige negative konsekvensar for ållmenne interesser, sett i forhold til den relativt vesle kraftmengda som vil bli produsert. NVE har også vurdert den samla belastinga på vassdragsnaturen i Kårøydalen til å verte sterkt påverka dersom alle prosjekta i dalen vert realisert.

Vi kan ikkje sjå at avbøtande tiltak vil redusere skadeverknadene for ålmenne interesser til eit nivå som etter vårt syn vil vere akseptabelt. Vurderinga byggjer på dei negative konsekvensane endra vassføring kan medføre for naturmangfald og landskapsbilete.

Les meir om Fjellbekken kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf 22 95 93 44
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye