Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Stordalselva kraftverk

Del
NVE gjev Rødøy-Lurøy Kraftverk AS løyve til bygging av Stordalselva kraftverk i Lurøy kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 250 husstandar.

 

Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,45 MW. Utbygginga vil nytte eit fall i Stordalselva på 362 meter, Ei elvestrekning på om lag 1,5 km får redusert vassføring. Vatnet skal førast i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen. Det vert behov for å byggje ein omlag 70-80 meter lang adkomstveg til kraftstasjonen og ein omlag 1,6 km lang veg frå kraftstasjonen til inntaket.

Utbygginga vil gje nokre negative verknader for landskapsoppfatninga i Stordalen, og etter NVE sitt syn er det særskilt adkomstvegen som bidreg til dette. NVE har satt vilkår om at vegen skal nedgraderast slik at den berre kan nyttast av terrengkjøretøy etter utbygginga. Området har også eit skrint lausmasselag, så det vert behov for å sprengje ein del i fjell for å få fram røyrgate nedover Stordalen. NVE har ikkje tillete inngrep i den øvre delen av Stordalen, då legging av røyr og inngrepa totalt sett ville vært særleg store her. Vidare har NVE satt vilkår om at det skal sleppast vatn lik den alminnelege lågvassføringa heile året, dette av omsyn til vassdragstilknytta artar, både i og langs elva.

I sum vurderar NVE at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjer difor løyve til bygging av Stordalselva kraftverk på fastsette vilkår.

Meir om løyve til Stordalselva kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 22 95 93 89
Førstekonsulent Asgeir Vagnildhaug, tlf 22 95 99 37

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding

Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye