Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til vassuttak og regulering i Henangervatnet

Del
NVE gjev Sævareid Fiskeanlegg AS løyve til vassuttak og regulering for smoltproduksjon frå Henangervatnet i Fusa kommune i Hordaland.

Sævareid Fiskeanlegg AS får løyve til vassuttak og regulering av Henangervatnet til settefiskanlegget ved Sævareid. Løyvet vil gje grunnlag for å utvide drifta ved settefiskanlegget og gje ei sikrare vassforsyning til bedrifta. Vassuttaket skal ikkje vere større enn 300 m3 /min. Gjennomsnittleg vassuttak over året skal ikkje vere større enn 200 m3 /min og det skal til einkvar tid kunne gjerast greie for storleiken på vassuttaket.

Tiltaket skal hovudsakleg formalisere dagens praksis og dei fleste tekniske inngrepa er allereie etablert. Det skal leggjast nye røyr ut i Henangervatnet for å betre forholda for smolten i anlegget, og for å kunne redusere vassbruken i tørre periodar.

Med mellom anna desse vilkåra meiner NVE at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

Les meir om løyvet til Henangervatnet på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16
Seniorrådgivar Ivar Sægrov, tlf. 57 83 36 72

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye