Nei til Islandsmoen minikraftverk
Koparvike Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Islandsmoen minikraftverk i Sør-Aurdal kommune. Kraftverket ville nytta eit fall på 80 m over ein strekning på 850 m i Islandselvi ved Islandsmoen. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 265 kW og ein årleg produksjon på om lag 1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 50 husstandar. Det var i søknaden foreslått å sleppe ei minstevassføring på 12 l/s heile året.
Islandselvi renn i ei austvendt bekkekløft, Islandsjuvet, som er vurdert som nasjonalt viktig med 19 kjende rødlistearter, der 10 ligg på utbyggingsstrekninga. Bekkekløfta har stor planteøkologisk variasjon og topografien er til dels av dramatisk karakter. Tiltaket er særleg konfliktfullt i høve til naturtypen bekkekløft med tilhørande fuktkrevjande lavarter. Sett i høve til den avgrensa produksjonen tiltaket ville gitt, meiner NVE at dei negative konsekvensane er urimeleg store.
NVE kan ikkje sjå at dei føreslegne avbøtande tiltaka er tilstrekkelege. NVE meiner difor at fordelane ved bygging av Islandsmoen minikraftverk er mindre enn ulempene for allmenne og private interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.
Meir om avslaget på www.nve.no/konsesjonsnyheter
For nærare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 , mob. 90 19 82 16
Avdelingsingeniør Eirik Bjørkhaug, tlf. 22 95 98 31
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom