Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Pressemeldinger
1051
Meny

Alvorleg kostnadsauke i InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad11.5.2021 10:48:33 CEST | Pressemelding

– På grunn av krevjande grunnforhold med store førekomstar av kvikkleire kjem det pågåande InterCity-prosjektet gjennom Moss til å bli vesentleg dyrare enn planlagt. Den sannsynlege sluttkostnaden er no på 14,9 milliardar kroner. Kostnadsramma på 17,9 milliardar kroner tek omsyn til uvisse om kostnadane i prosjektet. Det er alvorleg med ein auke i kostnadsramma på 70 prosent, men planlagde forbetringar i togtilbodet er avhengig av at prosjektet blir fullført, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet11.5.2021 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Det har ikkje vore togtrafikk på Namsosbanen og på Valdresbanen mellom Røste og Dokka på fleire år. Desse strekningane er i svært dårleg forfatning, og det er kostnadskrevjande å setje dei i køyrbar stand. Då er det betre å ta strekningane ut av det nasjonale jernbanenettet, slik at areala kan bli frigjevne til andre formål enn togtrafikk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Foreslår oppstart for Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal allereie hausten 202111.5.2021 10:45:00 CEST | Pressemelding

– For at passasjerar og næringsliv skal få effekt av dobbeltsporet som nye og gamle Ulriken tunnel utgjer mellom Arna og Fløen, er det òg naudsynt å bygge dobbeltspor mellom Fløen og Bergen stasjon. I tillegg har Nygårdstangen godsterminal behov for modernisering, slik at terminalen kan handtere framtidig auke i godstrafikk på bane. Planlegginga av prosjektet har gått raskare enn føresett, slik at det blir mogleg å inngå kontraktar allereie denne hausten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Revidert nasjonalbudsjett: Meir pengar til vedlikehald av riksvegar og til lokale gang- og sykkelvegar11.5.2021 10:45:00 CEST | Pressemelding

- Vi må ta vare på det vi allereie har. Denne regjeringa har satsa ambisiøst på å redusere vedlikehaldsetterslepet både på veg og bane. No aukar vi løyvinga til drift og vedlikehald av riksvegar med om lag 250 millionar kroner. I tillegg ønsker vi å bruke 212 millionar kroner til lokale tiltak i Bergensområdet og Trondheimsområdet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Overfører Ringeriksbanen og E16 Høgkastet-Hønefoss til Nye Veier - tar sikte på å inngå rammeavtale i juni 202111.5.2021 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Nye Veier har oppnådd vesentlege kostnadsreduksjonar på sine vegprosjekt. Selskapet har indikert at det er mogleg å ta ut effektiviseringsvinstar av fellesprosjektet. Når Nye Veier får ansvaret for Ringeriksbanen, vil selskapet kunne bidra til nye og smarte løysingar i jernbanesektoren, slik at vi får meir igjen for fellesskapets ressursar. Vi tar sikte på å skrive under på både ein rammeavtale og ein planleggingsavtale med Nye Veier i juni i år, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide

Foreslår å auke løyving med 435 millionar kroner for å sikre eit grunnleggjande togtilbod i andre halvår av 202111.5.2021 10:45:00 CEST | Pressemelding

– Økonomien til persontogselskapa har blitt hardt råka som følgje av at vesentleg færre reisande har tatt toget under pandemien. Vi må ta høgde for at perioden med smittevern og færre passasjerar kan bli lenger enn tidlegare lagt til grunn. Regjeringa foreslår difor å gjere det mogleg å forlengje tilleggsavtalene med togselskapa og auke det statlege kjøpet av persontogtenester, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • Siste
  • >>

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.