Vy Tog skal gi dei reisanda eit betre tilbod på Bergensbanen og Vossabanen – og vil betale staten for å få få køyre tog
9.12.2019 12:23:20 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale etter at Jernbanedirektoratet i dag har kunngjort at kontrakten om å drifte persontogtilbodet på Bergensbanen og Vossabanen i om lag ti år frå desember 2020 går til Vy Tog.
- Denne trafikkpakka er i tillegg historisk fordi togselskapet skal betale staten i staden for at staten betaler for at togselskapa skal køyre. Dette viser at jernbanereforma med konkuranseutsetting har vore nødvendig, rett og gir gode resultat. Vi frigjer om lag 12 milliardar kroner som tidligare har vore subsidiar av togdrift, men som vi no kan investere i ny infrastruktur, seier Jon Georg Dale.
Dale understrekar at konkurranseutsetting er del av ei storstilt modernisering av norsk jernbanesektor som har eitt mål for auge: Eit betre togtilbod for passasjerane.
- Samtidig som vi har auka løyvingane til jernbanen med 88 prosent dei siste åra, har vi jobba systematisk med å få meir jernbane for pengane. I dag ser vi enda ein gong eit konkret resultat av denne jobben, seier Dale.
Betre togtilbod for dei reisande
Eit av hovudmåla med konkurransane er å motivere togselskapa til å vidareutvikle og forbetre togtilbodet, slik at endå fleire vel toget.
- Vi ser at aktørane som deltek i konkurransar tenkjer kreativt for å utvikle togtilbodet. Konkurranse skaper meir innovasjon i sektoren og utnytter ressursane langt betre enn tidligare. Det får aktørane til å tenkje nytt og spanande, seier samferdselsministeren.
Vy Tog legg mellom anna opp til fleire avgangar, betre servicetilbod og eit betre nattogtilbod.
Meir jernbane for pengane
Staten betaler i dag togoperatørane for å drifte attraktive togtilbod på dei aller fleste jernbanestrekningane. Dagtoga mellom Oslo og Bergen er eit unntak. Med dagens avtale betaler staten om lag 200 millionar kroner årleg til Vy for togtilboda på Vossebanen og Bergenbanen. Med den nye avtalen vil Vy betale staten om lag 2,2 milliardar kroner over ein tiårsperiode.
- Med dette får vi eit skifte i måten å tenke jernbane på i Norge. Før har vi betalt milliardar av kroner for å byggje ut og vedlikehalde jernbaneliner, har vi i tillegg betalt store summar for å få togoperatørar til å køyre tog på linene. No får vi ein jernbane som gjennom å få fleire kundar også gjer seg meir lønnsam. Overskotet kan vi bruke til å ruste opp infrastrukturen i dette landet, seier Dale.
Konkurransane om persontogtilboda i dei tre første trafikkpakkene vil spare staten for store summar.
- Dei ti neste åra kjem staten til å spare om lag 3 milliardar kroner på trafikken i sør, 5 milliardar kroner på trafikken i nord og om lag 4 milliardar kroner på trafikken i vest. 12 milliardar kroner er mykje pengar spart for skattebetalarane, seier Dale.
- Dei innsparte skattepengane ønskjer vi mellom anna å investere i tiltak som styrkjer togtilbodet. At vi i statsbudsjettet for 2020 går vi inn for å starte elektrifiseringa av Trønder- og Meråkerbanen er eit direkte resultat av pengane staten sparte på tildelinga av Trafikkkpakke 1 til Go Ahead på Sørlandsbanden, Jærbanen og Arendalsbanen. Det trur eg at dei reisande i Trøndelag er glade for, seier Dale.
Trafikkstart i desember 2020
Trafikkpakke 3 har ein omfattande lokal- og regiontogtrafikk, og består av tre togprodukt: fjerntog Oslo S-Bergen, regiontog Bergen – Voss – Myrdal og lokaltog Bergen – Arna.
Bergensbanen er den av fjernstrekningane som har størst trafikk. Turist- og fritidsreiser utgjer ein sto del av trafikken. Stasjonane i Hallingdal og på høgfjellet er populære reisemål.
Jernbanedirektoratet tek sikte på å signere kontrakt med Vy Tog i slutten av desember, etter at ein karensperiode på ti dagar er gått ut. Trafikkstart for den nye avtalen er 13. desember 2020.
For fleire opplysningar – sjå:
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vil redusere prisen på månedskort med 100 kroner28.1.2026 15:12:57 CET | Pressemelding
I statsbudsjettet for 2026 ble det bevilget 620 millioner kroner til en midlertidig tilskuddsordning som fylkeskommunene kan søke på for å redusere prisen på månedskort. Nå er retningslinjene for ordningen klar.
Ny rekord i togreiser og flere tog i rute i fjor – Nygård med nye grep for å få jernbaneaktørene til å levere enda bedre togtilbud19.1.2026 14:23:17 CET | Pressemelding
2025 ble andre år på rad med ny rekord i antall togreiser. Etter et par år med negativ utvikling, var flere persontog i rute i fjor. Samferdselsministeren har blant annet innført et nytt styringssystem som i 2026 skal gi en enda bedre jernbane for passasjerer og næringsliv.
Nye kontrakter sikrer fortsatt levering av papiraviser til hele landet16.1.2026 14:32:46 CET | Pressemelding
– Alle som ønsker det, skal få lokalavisen på papir. Lokalavisen er fortsatt viktig for folks informasjonstilgang og ytringsfriheten, og for de redaktørstyrte medienes økonomi. Derfor fortsetter staten å kjøpe distribusjon til områder som ikke har kommersiell avisdistribusjon, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren held Jernbanetalen 202614.1.2026 11:21:48 CET | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård held jernbanetalen for 2026 i Oslo måndag 19. januar hos Bane NOR. Etter talen blir det panelsamtalar om oppfølging av styringssignala frå samferdselsministeren og om kva som skal til for å gjere kundane fornøgde.
111 døde i trafikken i 20251.1.2026 06:30:00 CET | Pressemelding
2025 ble et mørkt år for trafikksikkerheten med 111 drepte på norske veier. Samferdselsministeren er bekymret for utviklingen, spesielt når det gjelder unge og myke trafikanter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
