Vy og Flytoget er inviterte til forhandlingar om direktetildeling av togtilbodet på Austlandet
7.4.2022 16:00:31 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Regjeringa avlyste i november 2021 vidare arbeid med konkurransar om å drive persontogtilbodet på Austlandet.
– Den statlege jernbanen er utvikla av fellesskapets midlar gjennom over 150 år. For oss er det viktig å bevare sterke statlege togselskap, slik at vi alltid kan garantere dei reisande eit togtilbod. Dette er ein samfunnskritisk funksjon. Med direktetildeling er regjeringa garantist for at fellesskapet òg i framtida vil ha eigarskap til togselskapa som køyrer på jernbanenettet vårt, seier samferdselsministeren.
Godt eigna for å gjere togtilbodet meir attraktivt
Heilt sidan togtrafikken til og frå Gardermoen starta i 1998 har dei to statlege selskapa Vy og Flytoget drifta alle lokal-, regional- og flytogtilbod på Austlandet.
– I fleire år fram til koronapandemien trefte oss i 2020, var det ein stor auke i talet på togreiser på Austlandet. Både Vy og Flytoget har lang erfaring med attraktive togtilbod til dei reisande. Alt ligg difor til rette for at dei to selskapa er godt eigna til å tiltrekkje seg enda fleire passasjerar, seier Nygård.
Jernbanedirektoratet skal gjennomføre forhandlingane. Direktoratet har nettopp fått mandatet frå regjeringa, og skal no leggje opp ein prosess som er i tråd med EUs kollektivtransportforordning og anna relevant regelverk.
– Vi er opptekne av at togtilbodet på Austlandet skal drivast effektivt og til beste for dei reisande. Staten kjem dermed til å vere offensiv i forhandlingar om direktekjøp, seier samferdselsministeren.
Følgjande strekningar er omfatta av forhandlingar:
Spikkestad/Asker – Lillestrøm
Stabekk/Skøyen – Ski
Oslo S – Hakadal/Jaren
Stabekk – Moss
Oslo S – Mysen/Rakkestad
Oslo S – Ski
Oslo S – Halden
Oslo S – Gjøvik
Skien – Eidsvoll
Drammen – Lillehammer
Kongsberg – Eidsvoll
Drammen – Dal
Asker – Kongsvinger
Notodden – Porsgrunn
Vidare framdrift
Jernbanedirektoratet vil tildele kontraktar seinast sommaren 2023. Trafikken skal starte opp i desember 2023.
For fleire opplysningar – sjå:
- Pressemelding av 19. november 2021 frå Samferdselsdepartementet: Togtilbudet på Østlandet: Regjeringen avlyser konkurransene om trafikkpakkene 4 og 5
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
Presseinvitasjon: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Geiranger 4. mai30.4.2026 14:26:50 CEST | Pressemelding
Mandag 4. mai besøker statsråden ulike aktører innen vei, reiseliv, intrastruktur og samfunnssikkerhet. Journalister og fotografer er velkomne til å dekke besøket.
Utlysing av ny konkurranse om regional flyrutedrift i Sør-Noreg23.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har i dag lyse ut ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen er 23. juni 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
