Høgskulen i Volda

Volda-studentane meir nøgde enn i resten av landet

Del
Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir tilfreds med studiekvardagen sin enn det gjennomsnittet av studentane i Noreg er.

Torsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2022 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

På spørsmål om den generelle tilfredsheita ved Høgskulen i Volda (HVO) gir studentane karakteren 4,0 der 5 er høgst. Det er 0,1 poeng opp frå året før, og HVO går med det imot den nasjonale trenden der pila peikar motsett veg. Snittet for alle universitet og høgskular er på 3,8, som er ein nedgang med 0,2 poeng frå 2021.

Når ein bryt ned tala er det stort sett oppgang på alle parameter for HVO.

– Dette er veldig kjekke resultat. Vi ligg både over landsgjennomsnittet og har framgang samanlikna med HVO i 2021– eg kan ikkje hugse at vi har hatt det slik før. Eg vil gratulere både studentar og tilsette. Dette er resultat frå arbeid over tid, seier en godt nøgd Johann Roppen, rektor ved HVO.

Best i landet

Smile over resultata kan ein i høgste grad gjere på Avdeling for samfunnsfag og historie også. Med karakteren 4,3 er sosionomutdanninga ved HVO best i landet, ingen andre nådde opp til den scoren.

Same poengsum fekk også den nettbaserte bachelorgraden i historie, som med det stadfestar sin posisjon etter å ha vore på det nivået etter oppstarten i 2019.

Barnevernspedagogutdanninga oppnår sterke 4,2, medan bachelorgraden Planlegging og administrasjon scorar 4,0.

Animasjon med høgast karakter 

Den utdanninga ved HVO som jamt over har fått dei beste tilbakemeldingane frå studentane i Studiebarometeret er bachelorgraden i animasjon. Dei har hatt karakterar godt opp på 4-talet dei siste åra, og held fram med det med sterke 4,6 i år. Igjen ei stor fjør i hatten for den internasjonalt anerkjende animasjonsutdanninga. 

Journalistutdanninga følger også opp den gode tradisjonen med høg poengsum i Studiebarometeret, i år på 4,3. Same poengsum får også bachelorgraden PR, kommunikasjon og media – som med det gjer eit byks på 0,9 poeng frå året før.

Lærarstudentane i landstoppen

Studiebarometeret har tidlegare år vist at Høgskulen i Volda har dei mest nøgde grunnskulelærarstudentane i landet. 

Målt mot resten av landet viser desse studentane at dei igjen er heilt i toppen når det kjem til generell tilfredsheit. Berre to institusjonar har grunnskulelærarstudentar som er meir nøgde enn HVO. Scoren spenner frå 3,3 til 4,0, avhengig av om dei går utdanninga for 1.-7 trinn eller 5.-10. trinn, og om dei er i sitt andre eller femte år av utdanninga.

Nøgde med friluftsliv

Den utdanninga som ofte har hatt flest søkarar per studieplass og hatt eit høgt karaktersnitt for å kome inn på studiet er bachelorgraden Friluftsliv og naturguide. Høgt scorar utdanninga også i Studiebarometeret – igjen! Karakterar på 4-talet er blitt ein god vane, i år landar dei på 4,3.

– På alle dei fire avdelingane våre har vi utdanningar som er heilt i toppsjiktet i landet. Det er vi stolte over, seier Roppen. 

Noko å jobbe med

Rektoren er audmjuk overfor resultata, les dei nøye og tek dei til seg. Sjølv om gleda er stor over gode resultat, finst det også forbetringspotensiale. Master in Media Practices er med 2,6 poeng døme på det.

– Studiekvalitet er noko vi jobbar med året rundt. Og Studiebarometeret er heilt klart ein viktig del i kvalitetsarbeidet. Vi ønsker å lytte til studentane – dette er ein av måtane vi gjer det på. Vi ser nøye på både dei gode og dei ikkje fullt så gode resultata. Vi vil lære av begge for å bli enda betre, slår Roppen fast.

Kontakter

Bilder

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye