Vil ha fleire telefon- og videokonsultasjonar i sjukehusa
23.3.2022 10:00:00 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding

Talet på telefon- og videokonsultasjonar var stabil gjennom heile 2021, med ei svak auke i desember. No håper Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest, at veksten fortset ut i 2022.
– Pandemien har bidrege til at telefon- og videokonsultasjonar har blitt nytta i mykje større grad enn tidlegare. Likevel er vi eit stykkje unna målet vårt på 15 prosent, som vi håper å nå i 2022, seier Jøsendal.
Målet på 15 prosent kjem frå helseministeren via oppdragsdokumentet. At telefon- og videokonsultasjonar blir nytta der det er mogleg, er positivt for både pasientar, behandlar og miljø.
– Men det er behandlar som avgjer om ein konsultasjon kan vere via telefon eller video. Konsultasjonar der det er tilstrekkeleg å sjå og høyre pasienten, kan ofte bli gjennomført via telefon eller video, forklarar Jøsendal.
– Innan mange fagområde er det også mogeleg å gjennomføre konsultasjonar eller informasjonsutveksling gjennom meldingar. Truleg vil informasjonsutveksling mellom pasient og helsepersonell basert på utveksling av skjema, tekst eller bilete vere det aller viktigaste digitaliseringstiltaket vi kan få, for både pasient og helsepersonell, legg han til.
Psykisk helsevern storbrukarar av telefon- og videokonsultasjonar
Psykisk helsevern for vaksne er fagområdet der flest har fått tilbod om telefon- eller videokonsultasjonar. I 2021 blei 43 281 konsultasjonar gjennomført over telefon eller video, noko som vil seie nesten 15 prosent av alle konsultasjonane. Innan psykisk helsevern for barn og unge er talet om lag 20 prosent.
– Psykisk helsevern er eit stort fagområde, der behandlarane har vore flinke til å nytta telefon- eller videokonsultasjonar der det har vore mogleg. Det er også eit område der det kan vere lågare terskel for nokon pasientar å gjennomføre timen digitalt enn fysisk, påpeiker den assisterande fagdirektøren.
Eit anna område som har nytta telefon og video i større grad enn tidlegare år, er onkologi. Under pandemien har kreftpasientar i større grad nytta telefon - og videokonsultasjonar enn før.
– Vi ser at særleg videokonsultasjonar svingar med smittebølgene. Det har vore viktig for fleire pasientgrupper å kunna redusere fysisk oppmøte på sjukehusa når det har vore mogleg, seier Jøsendal.
Meir digitalt framover
Dei siste åra har både behandlarar og pasientar nytta digitale verktøy i periodar der pandemien har gjort det vanskeleg å møtast som før. Jøsendal trur og håper at behandlar og pasient vil bli meir digitale også etter pandemien.
– Telefon- og videokonsultasjonar er viktig for både pasientar og behandlarar også i ein normalsituasjon. For pasientar kan telefon- og videokonsultasjonar gjere det lettare å møte til ein time, dei kan sleppe lang reiseveg og dei kan unngå unødig venting. Det kan frigjere tid for behandlar, men det er også eit viktig miljøtiltak, seier Jøsendal.
Nøkkelord
Bilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
